Peparkakebyen i Ulstein

Peparkakeslott.jpg - Klikk for stort bilete Jan Åge Øyen

 Bli med å skape julestemning og bidra til eit godt føremål.

Ulstein Bibliotek har gleda av å invitere barnehager, skular, bedrifter og privatpersonar til å bidra til Peparkakebyen i Ulstein. Der er ingen føringar på tema, det er heilt opp til eigen fantasi. Peparkakebyen vil finne stad på Ulstein Bibliotek på Arena Ulstein frå 2. desember til 21. desember 2017.

Det blir mogleg å by på peparkakehusa og Møre Eigendomsmegling vil bidra med prospekt. Det blir moglegheit til å stemme på «publikumsprisen» for beste peparkakehuset i heile perioda peparkakebyen er open. Samstundes blir det ein jury som skal kåre «proffprisen». Juryen består av ein representant frå biblioteket, ein frå Folk Spiseri, ein frå Vikebladet Vestposten og Ordførar Knut Erik Engh.

Inntektene som kjem inn frå bodrundene vil gå til eit godt formål, og vi vil ha innspel på kven det skal gå til. Forslag kan sendast på e-post til aurora.bratli@ulstein.kommune.no innan 20. desember. Grunngje gjerne kvifor ditt føremål fortenar pengar.

Torsdag 21. desember blir det halde bodrunde og kåring av «publikumsprisen» og «proffprisen». Det blir servert kakao og gløgg av Folk Spiseri. Håpar flest mogleg kan møte opp denne dagen.

Vi håpar så mange som mogleg kan bli med på å skape julestemning og bidra til eit godt føremål.

 

Påmelding her: https://goo.gl/forms/7TgowtFdpEENkMHL2

Bidraga leverast på Ulstein Arena innan fredag 1. desember mellom kl. 08 og 17.

Ring 479 00 807 ved levering.

Håpar din klasse/barnehage/bedrift vil bli med!

Peparkakebyen er eit samarbeid mellom Ulstein Bibliotek, Folk Spiseri og Møre Eiendomsmegling.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 02.11.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering