På saklista til formannskapet 11. september 2018

Nye Høddvoll - Klikk for stort bilete

Hødd er 100 år i 2019. Idrettslaget planlegg ei rekke arrangement og markeringar i jubileumsåret. Rådmannen foreslår at kommunen støttar jubileet med 150 000 kroner i år og det same neste år. Kva meiner du? Sei meininga di før formannskapet skal behandle saka 11. september.

Her kan du lese om sakene som skal opp i formannskapsmøtet. Nedst på sida finn du kontaktinformasjonen til dei som sit i formannskapet.

 

Politiske saker

 

Arealdelen av kommuneplanen – vurdering av motsegner (sak PS 18/71)

Arealdelen av kommuneplanen har lege ute til offentleg ettersyn for andre gong i perioden 5.4.2018–18.05.2018. Det vart gitt forlenga frist til 30.5. for fylkesmannen og fylkeskommunen). Det har kome motsegn på til saman 10 forhold frå Fylkesmannen og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Desse skal no vurderast av styringsgruppa før formannskapet tek endeleg stilling til vidare prosess.

 

Tilskot frå næringsfondet – Odin 3 AS (sak PS 18/72)

Odin 3 AS er eit nystarta firma som skal selje kosttilskot direkte til forbrukarane gjennom netthandel. Marknaden vil være Europa, Kina, India og Thailand. Hovudproduktet er Omega 3 av høg kvalitet, men på sikt vil også andre typar kosttilskot kome med.

 

Tilskot frå næringsfondet – Veterinærkontoret AS (PS 18/73)

Veterinærkontoret AS blei etablert i 2005 og har i dag ti arbeidsplassar. Dei søker om støtte for å kunne møte auka etterspurnad mellom anna frå alle dei som har kjæledyr. Dei søker støtte for å utvikle bedrifta med mellom anna eit nytt journalsystem og opplæring i bruk av dette.

 

Etablering av Ulstein Næringsforum, kommunalt tilskot (PS 18/74)

Representantar frå næringslivet i kommunen har ei tid arbeidd med etablering av Ulstein næringsforum. Målsetnaden er å arbeide for vekstkraft og konkurransekraft i næringslivet og å bidra til å vidareutvikle eit attraktivt lokalsamfunn. Kommunen ønskjer initiativet velkommen, spesielt i ei tid der målretta nærings- og samfunnsutvikling må ha særleg fokus. Det vert tilrådd å yte årlege tilskot for å sikre drift og utvikling av næringsforumet.

 

Snoezelen som spesialpedagogisk metode – endring i tilbodet (PS 18/75)

Kommunen har i dag Snoezelen-tilbod ved to lokasjonar. Ved Ulstein kompetansesenter leverer ein snoezelen-trening i spesialpedagogisk samanheng. I nybygde lokale i Holsekerdalen 24 er det etablert snoezelen-avdeling knytt til aktivitet/terapi/trening organisert under omsorgsetaten. Ei samordning av snoezelen-tilbodet i lokala i Holsekerdalen 24 er slik rådmannen ser det både rasjonelt og fagleg tenleg.

 

Søknad om støtte til IL Hødd 100 års jubileum (sak PS 18/76)

IL Hødd feirar i 2019 100 år, og er i gang med planarbeidet for ei omfattande markering av jubileet. Idrettslaget vil at dette skal verte eit jubileum som innbyggarane i Ulstein kan ha glede av, og baserer arrangementa og markeringane på verdiane til idrettslaget: stolt – audmjuk – inkluderande. IL Hødd søkjer kommunen om støtte til gjennomføring av jubileet.

 

Endra vedtekter for Søre Sunnmøre IKT-samarbeid (SSIKT) og val av vararepresentant til styret i SSIKT (sak PS 18/77)

Saka gjeld endring av vedtektene for Søre Sunnmøre IKT slik at dei opnar for val av personleg varamann for styrerepresentanten frå den enkelte kommunen. Rådmannen rår til at endringa vert gjennomført og at rådmannen får mynde til å peike ut varamedlem.

 

Forbod mot heliumsballongar m.m. – revisjon av reglement for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik (sak PS 18/78)

På grunnlag av eit framlegg frå Ulstein Venstre vedtok Ulstein kommunestyre i mai i år eit forbod mot sal av heliumballongar, og mot ballongslepp frå kommunal grunn. Rådmannen tilrår at dette forbodet vert innarbeidd i kommunen sitt reglement for handel på kommunal eigedom. Rådmannen foreslår vidare at det eksisterande reglementet vert utvida til å omfatte andre arrangement og aktivitetar enn berre handel på kommunal grunn (t.d. konsertar, tivoli).

 

Samarbeid om skatteinnkrevjing mellom kommunane Herøy, Ulstein og Vanylven – godkjenning av vertskommuneavtale (sak PS 18/79)

Det vert etablert eit samarbeid om skatteinnkrevjing mellom kommunane Vanylven, Herøy og Ulstein. Herøy er vertskommune for samarbeidet. Saka gjelder godkjenning av utkast til vertskommuneavtale om felles skatteoppkrevjar.

 

Tingrettens skjønn for Skeide – vurdering av overskjønn (ettersendt sak)

Sunnmøre Tingrett heldt i juni 2018 skjønn for kommunens grunnerverv på Skeide. Avgjerda var kommunen i hende den 30.8.2018. Etter å ha gått gjennom avgjerda, konkluderer administrasjonen i samråd med advokat Ingvar Seth med at dommen bør ankast til overskjønn (lagmannsretten). Grunnen er at det er manglande samsvar mellom den reelle prisen for tomtegrunnen som kan seljast i forhold til det retten har lagt til grunn i si avgjerd.

 

 

Meldingssaker

 

  • RS  18/20  Grov skisse over økonomisk status juli/august 2018 
  • RS  18/21  Europeisk mobilitetsveke og bilfri dag 
  • RS  18/22  Tilskot til festivalar 2018 

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

 

Saksdokumenta til møtet

Saksdokumenta til den ettersende saka om skjønn på Skeide

Kontaktinformasjon til medlemmene i formannskapet

 

 

 

 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 07.09.2018
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
Login for redigering