Opparbeiding av vegryss i Vikemyra

Vegkryss Vikemyra - Klikk for stort bilete

Nytt kryss mellom Blåhuset og Ulstein Arena

Måndag startar Ulstein Entreprenør AS opparbeiding av kryss i Vikemyra mellom Blåhuset og Ulstein Arena.

Første del av arbeidet er utanfor vegareal, og påverkar ikkje trafikken i gata, melder Odd Kåre Wiik ved teknisk etat. -Tilkomsten til Blåhuset på oppsida vert ikkje direkte råka, og gåande vert sikra mot anlegget med sperregjerder. Det vert mogleg med varetransport til bygget som før. Når anlegget utanom veg vert ferdig må vi sperre gata ein periode for graving av grøfter og opparbeiding av heva kryss og breie gangfelt. Vi kjem tilbake med eiga melding når dette arbeidet startar.

Det vert relativt hektisk med anleggsarbeid i dette krysset eit par månader framover. -Vi tek sikte på å avvikle trafikk mest mogleg uforstyrra, men noko sperring og omkøyring må vi gjennomføre, seier Odd Kåre Wiik.

All endring av noverande trafikkmønster vert skilta.   

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 14.09.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Odd Kåre  Wiik Odd Kåre Wiik Avdelingsleiar - drift og anlegg
916 16 381
@ Odd Kåre Wiik
Login for redigering