Offisiell opning av Tufteparken Ulstein

Lasse Tufte - Grunnleggar av Tufteparken - Klikk for stort bilete Fotobakken

Friluft og styrketrening for alle 

Det er med stor glede Ulstein kommune og IL Hødd kan invitere til opning av Tufteparken Ulstein i Bugarden (Bugardssvingen), søndag 22. januar 2017 kl. 13:00!

Vi håper du vil ta med deg venner og familie til ei flott feiring av den nye parken. Vi kan love god stemning med musikk, demonstrasjon av apparata og enkel servering. Det blir sjølvsagt også moglegheit til å prøve parken.

Tufteparken Ulstein er eit lågterskeltiltak for den uorganiserte aktiviteten og folkehelsa i kommunen vår. Her er det heilt gratis å trene, og den er open for alle heile døgnet året rundt. Parken består av 10 stålrørapparat, der ein kan trene med eiga kroppsvekt. "Street workout" er inspirasjonen bak konseptet, som skaper eit heilt nytt alternativ for alle, som av ulike årsakar, ikkje finn seg til rette i eksisterande treningstilbod. Vi håper og trur at Tufteparken Ulstein kan inspirere og motivere til ein meir aktiv kvardag for nettopp deg!

Gå gjerne inn på www.tufteparken.no for å lese meir om konseptet.

Vi gler oss til å innvie parken, og håper du vil vere med!

Nokre smakebitar frå programmet:

  • Enkel servering frå kl. 12:45
  • Musikalsk innslag frå Ulsteinvik Skulekorps
  • Show ved ungdommar frå IL Hødd Turn
  • Demonstrasjon av dei ulike apparata
  • Instruktørar tilgjengeleg for publikum

Velkomen til Tufteparken Ulstein!

 

Tufteparken Ulstein i Bugarden - Klikk for stort bilete  

Kart
Tufteparken Ulstein i Bugarden

Tufteparken ligg tett opp til Bugardssvingen, ved parkeringsplassen til Bugardsmyra og naturmøteplassen.

 

 

Følg oss på Facebook

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 18.01.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering