Nytt offentleg hjertestartarregister på plass

Hjertestartar

Plutseleg hjertestans rammar meir enn 3000 personar årleg. Å raskt finne fram til nærmaste hjertestartar er viktig når det står om livet!

Ved å gå inn på Hjertestartarregisteret si heimeside: www.113.no vil man lett kunne sjå kvar nærmaste hjertestartar er.

Det finst allereie meir enn 20.000 hjertestartarar rundt om i Noreg, men fram til no har det vore vanskeleg for publikum å vite kor dei er. Når det offentlege hjertestartarregisteret no er opna, er målet at flest mogleg idrettslag, institusjonar og bedrifter registrerer sine hjertestartarar der.

Å raskt finne fram til nærmaste hjertestartar er viktig når det står om livet, sier helsedirektør Bjørn Guldvog. Samtidig er han tydeleg på prioriteringane: - Fortsatt er det aller viktigast å starte omgåande  hjerte-/ lungeredning og ringe 113, men det er ingen tvil om at tilgang til hjertestartar kan bidra til å redde liv.

Ein annen fordel med eit hjertestartarregister er at AMK-sentralane (113) i tillegg til å rettleie deg i hjerte-/lungeredning (HLR), kan gi innringar/tilstadeverande råd om kvar nærmaste hjertestartar er. – Du er aldri aleine når du ringjer 113, sier Guldvog.

Saman reddar vi liv – ein nasjonal dugnad  

Den nasjonale dugnaden «Sammen redder vi liv» har satt seg som mål å redde 200 fleire ved hjertestans utanfor sjukehus. Eitt av verkemidla er å sikre publikum tilgang til hjertestartarar som aukar sannsynlegheita for å få i gang hjertet.

- Vi veit at tidleg varsling av 113, god hjerte-/lungeredning frå publikum på staden i kombinasjon med bruk av hjertestartar gir best overleving, sier Guldvog.

Hjertestartarregisteret driftast av Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS).

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 10.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering