Nytt MOT-tilbod ved ungdomsskulen

Unge MOTivatorarar som var med å hjelpe til å lage den nye MOT-loungen klar til skulestart ved Ulstein ungdomsskule. F.v. Iver Fiskaa Ødegård, Lina Dorthea Solheim Stave, Mona Våge, Sanne Kleven og Synnøve Rabben.  - Klikk for stort bilete

Ulstein ungdomsskule opna første skuledag «MOT-loungen», som er eit tilbod til elevane i matfriminutta. Unge MOTivatorar har ansvar for rommet, som skal vere ein trygg og kjekk stad å vere for alle.

 

-MOT til å leve, mot til å bry seg og mot til å seie nei. Desse verdiane er også Ulstein ungdomsskule sine verdiar, sa rektor Leon Romestrand då han ønska alle elevane velkomen første skuledag.

Mellom rekkene sat mange spente ungdommar. Dei eldste elevane fekk høyre korleis dei er rollemodellar og førebilete for dei yngre elevane ved skulen.
Takka vere god hjelp av unge MOTivatorar fredagen før skulestart kunne rektoren også introdusere den nye MOT-loungen. Med chromebook til alle elevane er det ikkje lengre behov for eigne datarom. Det er eit av desse som no har vorte MOT-lounge.
-MOT-loungen skal vere ein inkluderande og kjekk stad å vere, seier rektor Leon.
 

Ungdom er der for ungdom
MOT-koordinator Marie Flatin og MOT-coach Gunhild Verås Grimstad har hovudansvar for MOT-loungen saman med dei unge MOTivatorane i 10. klasse. Kvart matfriminutt skal rommet vere ope. Nokre dagar med aktivitetar, men dei fleste dagar utan noko spesielt program.
- MOT-undersøkinga gjennom dei siste åra viser at mange av elevane hadde ønska seg meir MOT i skulekvardagen. Dei fleste liker besøka frå MOT-coachane, men føler dei gode tinga som blir tatt opp og snakka om fort blir gløymt. Denne MOT-loungen der ungdom har ansvar for å vere med og skape eit inkluderande miljø for alle trur eg er eit steg i rett retning for å bidra til å bygge ein kultur kring MOT-verdiane, seier MOT-koordinator Marie.

«Kva gjer deg glad?»
Alt første skuledag var det godt med besøk i MOT-loungen. Dei unge MOTivatorane er to og to saman og byttar på å ha ansvaret gjennom skuleveka.

Tre av dei fire elevane som fekk MOT-premie for å ha delt kva som gjer dei glade på tavla i MOT-loungen.  - Klikk for stort bilete Marie Flatin

Første skuleveka vart dei besøkande oppmoda om å dele på tavla kva som gjorde dei glade: Etter ei veke var tavla full av gode ord som gjer ungdommane i Ulstein glade: Venner, smil, familie, fotball, friidrett, turn, handball, musikk, mat, ferie, sove..var mellom orda elevane delte. Fire av elevane sine sitat vart trekte ut. Desse var skrive av Kristian Moldskred (8C), Emma Skeide Eikrem(9C), Elin Våge (9C) og Mona Våge (10D). Dei fekk MOT-armband og penn som takk for at dei ville vere med og dele kva som gjer dei glade.

 

 

Open skule


Den nye MOT-loungen ved ungdomsskulen har hatt godt med besøk i matfriminutta dei første vekene av skuleåret. - Klikk for stort bilete Marie Flatin

MOT-loungen er ein av fleire opne møtestader for elevane innomhus i matfriminutta. I naturfagsrommet blir det vist film og seriar nokre av dagane. Den som vil jobbe med skulearbeid har eit eige rom for dette. Musikkrom og biblioteket er også ope, i tillegg til at elevane kan vere i aulaen eller på trinnområda.
- Vi vil vise elevane tillit, og i høve fjoråret så tok dei ansvaret. Det trur vi også dei vil gjere dette skuleåret, seier rektoren, som også innførte gratis frukost i fjor haust.
Elevane kan få anten havregraut eller knekkebrød med enkelt pålegg. Tilbodet var så populært ved skulestart denne hausten at mengda måtte aukast andre skuleveke.

 

MOT-skulen Ulstein ungdomsskule har hatt ein god skulestart med mange fornøgde.
-Om alle kvar dag hjelper til med å inkludere og bry seg om andre så vil dette bli eit godt skuleår for alle, avsluttar MOT-koordinatoren.

- MOT sine tre grunnverdiar er også Ulstein ungdomsskule sine verdiar, seier rektor Leon Romestrand. Her er dei tre verdiane på veggen i MOT-loungen. - Klikk for stort bilete

 

- MOT sine tre grunnverdiar er også Ulstein ungdomsskule sine verdiar, seier rektor Leon Romestrand. Her er dei tre verdiane på veggen i MOT-loungen.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 06.09.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Marie Flatin Marie Flatin Ungdomsarbeidar og MOT-koordinator
913 63 818
@ Marie Flatin
Login for redigering