Nye ungdomar MOT-skulert

Ulstein - Lokalsamfunn med MOT har fått tolv 9. klassingar som kan kalle seg Ung MOTivator etter skulering:Bak f.v.: Iver Fiskaa Ødegård, Idunn Regine Wik, Johanne Skeide Rooney, Anette Lydersen, Sara Helen Ulstein, Celina Mork, Mona Våge, Ole-Kristian Korsfur Voksø og Mats Fredriksen. Foran f.v.: Johanne Helvig, Malene Skaar Berg og Guro Soleng. - Klikk for stort bilete

Tolv 9. klassingar har fått tittelen "Ung MOTivator" og gler seg til å besøke alle 7. klassingane i kommunen. 

 

Dei tolv  9.klassingane frå Ulstein ungdomsskule har vore gjennom ei to dagar lang skulering, og alle vart godkjende som «Ung MOTivator».
- Vi gratulerer og ser fram til å ha dei med i det lokale MOT-laget, seier MOT-koordinator Marie Flatin på vegner av Ulstein – Lokalsamfunn med MOT.
Gjennom to besøk i vår vil desse unge motivatorane snakke med 7. klassingane om MOT sine grunnverdiar: Mot til å bry seg, mot til å seie nei og mot til å leve. Og ikkje minst vil dei ta i mot spørsmål om korleis det er å gå på ungdomsskulen.

Trygg med MOT
To av dei ferske UMM er Anette Lydersen og Iver Fiskaa Ødegård.

Iver Fiskaa Ødegård og Anette Lydersen ønskjer å vere med og gjere ein forskjell. 6.-7. februar var dei og ti andre 9. klassingar på skulering for å bli «Ung MOTivator». - Her øver dei på manus, og no gler dei seg til å besøke 7.klassingane i Ulstein kommune. - Klikk for stort bilete

- Då eg gjekk i 7. klasse og fekk MOT-besøk av 9.klassingar tenkte eg at eg ville bli som dei. Dei var trygge på seg sjølve og dei gjorde også oss trygge på at det kom til å gå bra å byrje på ungdomsskulen. Eg søkte fordi eg har lyst til å hjelpe andre og gjere ein forskjell for dei som ikkje har det så bra, fortel Anette.
I tillegg til å gå gjennom, og øve på manus, har dei gjennom skuleringa lært om bevisstgjering på seg sjølve og eigne verdiar, om å vere gode rollemodellar og dei har lært formidlingsteknikk. Med på skuleringa var MOT-coachane Mary Ann Brandal og Torill Vågen Vattøy, i tillegg til MOT-koordinator- og coach Marie.
- Eg synest det var utruleg kjekt å vere med på denne skuleringa. Eg har lært mykje og noko av det kjekkaste var det sosiale på kvelden. No gler eg meg til å besøke 7. klassingar, seier Iver.

Sosialt
Ulstein – Lokalsamfunn med MOT ønsker med skuleringa å gjere dei 12 unge motivatorane til ein samansveisa gjeng. Difor blir det i tillegg til det faglege lagt stor vekt på det sosiale. Mellom anna hadde ungdommane ei treningsøkt der instruktør Hege Holstad tok dei med på ulike aktivitetar, fleire med fokus på samarbeid. Om kvelden kom dei fleste av fjorårets skulerte MOT-ungdommane for å lage middag til, og vere saman med 9.klassingane.
Aurora Dimmen Bratli kom for å fortelje om alt ho har fått oppleve etter at ho for to år sia vart skulert som «Ung MOT-leiar», og håpa å inspirere dei yngre ungdommane til å engasjere seg, også utover skulebesøka i 7. klasse.

- Eg har gjennom mitt engasjement i MOT fått oppleve mykje, og møtt mange kjekke folk frå ulike stader i landet, fortel Aurora, som no gler seg over at Ulstein sender tre nye ungdommar på MOT-camp for å bli «Ung MOT-leiar».

MOT-leiar Knut Erik Engh - Klikk for stort bilete

Ungdommane på skulering overnatta på Bell Ungdomsklubb, og kunne andre kursdag ta i mot MOT-leiar og ordførar Knut Erik Engh til frukost. Han gler seg over MOT-arbeidet og understreka ovanfor ungdommane at deira engasjement er viktig.

 

Gode MOT-ambassadørar
Ulstein har no totalt 81 ungdommar skulerte som UMM. Dette er noko dei er fram til dei er 25 år, om dei ikkje sjølve melder frå at dei ikkje ønskjer å vere med lengre.
- Det forpliktar å vere «MOT-ungdommar», ikkje berre som gode rollemodellar i skulesamanheng, men også på andre arenaer i Ulstein. Målet vårt er at alle våre unge motivatorar er gode ambassadørar som er med på å gi ei god forankring av MOT sine verdiar, avsluttar MOT-koordinator Marie.


 

 

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 10.02.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Marie Flatin Marie Flatin Ungdomsarbeidar og MOT-koordinator
913 63 818
@ Marie Flatin
Login for redigering