Nye MOT-avtalar signert

MOT-leiar Knut Erik Engh saman med regionleiar Jo Trønsdal Bævre - Klikk for stort bilete Marie Flatin

Ulstein kommune og organisasjonen MOT har signert nye avtalar om vidare samarbeid for eit tryggare og varmare oppvekstsamfunn.

MOT-leiar og ordførar Knut Erik Engh er nøgd med at Ulstein kommune har vedteke å halde fram i lag med den haldningsskapande organisasjonen MOT.
- Det har vore jobba godt med MOT gjennom fleire år, og difor er det naturleg at vi no signerer desse nye avtalane, seier MOT-leiaren.

 

- Framifrå MOT-arbeid i Ulstein

Ulstein kommune har vore «Lokalsamfunn med MOT» i seks år, medan Ulstein ungdomsskule har hatt det haldningsskapande MOT-programmet heilt sia 2005.
- Ulstein har gjort eit framifrå MOT-arbeid over fleire år. Det er svært gledeleg at kommunen no tek sats og utvidar dette med dei nye avtalane, som gjer det mogleg å halde fram med å utvikle robuste ungdommar som inkluderer alle, seier regionleiar Jo Trønsdal Bævre i MOT.
Moglegheitene for dei nye avtalane kjem med «MOT-løftet 2017», som også markerer organisasjonen MOT sitt 20-års jubileum.
Ulstein kommune ved MOT-leiar Knut Erik Engh har signert avtalen «Kommunen som samfunnsbyggar» medan Ulstein ungdomsskule ved MOT-rektor Leon Romestrand har signert avtalane «Robust ungdom» og «Skulen som samfunnsbyggar».


Ungdom som rollemodellar
- Når det kjem til hovudprogrammet «Robust ungdom» er det berre nokre manusendringar og nye titlar på oss som held besøka. I hovudsak vil vi difor halde fram som tidlegare i høve skulebesøka på ungdomsskulen, og med skulering av det som no heiter «Ung MOTivator». Desse utvalde og skulerte 9. klassingane skal framleis ha besøk i 7. klassene i Ulstein, forklarar MOT-koordinator og coach Marie Flatin i Ulstein.
Dette synest MOT-leiar Knut Erik er gledeleg: - Noko av det eg likar aller best med MOT-arbeidet er at det er ungdommane sjølve som er gode rollemodellar for kvarandre. Dei som blir skulert som «Ung MOTivator» er ulike ungdommar som kvar for seg og saman er med og gjere ein forskjell, meiner MOT-leiaren.

 

Breiare MOT-forankring
Med signering av «Kommunen som samfunnsbyggar» vil Ulstein framleis kunne kalle seg eit «Lokalsamfunn med MOT». Med denne avtalen vil MOT sentralt komme og halde foredrag for kommunetilsette, i første omgang for kommuneleiinga.
- Vi er glade for at styremedlem i MOT, Rune Bratseth, er den som kjem til Ulstein kommune. Dette vil skje alt komande haust, fortel regionleiar Jo.

MOT-rektor Leon Romestrand ved Ulstein ungdomsskule og MOT-koordinator og coach, Marie Flatin - Klikk for stort bilete

Med signering av «Skulen som samfunnsbyggar» tek Ulstein ungdomsskule steget vidare for ei djupare og breiare forankring av MOT-arbeidet ved skulen.
- Denne avtalen er ein viktig del av det å skape eit enda betre, tryggare og inkluderande miljø på ungdomsskulen, meiner rektor Leon Romestrand.
I tillegg til at rektor skal på leiarsamling med MOT sentralt inneber avtalen ei heildags samling for alle tilsette ved ungdomsskulen der forskingsleiar og leiar for «Skulen som samfunnsbyggar», Bjørg-Elin Moen har ansvaret.

 

 

Meir innhald til rimelegare pris
Tilleggsprogrammet «MOT i fritid» går med signering av desse nye avtalane ut i høve den forma det har hatt med lokale avtalar med lag og organisasjonar.
-Dei laga gjennom Hødd Handball som har signert slike avtalar og fått skulert sine trenarar held fram som tidlegare, men gjennom «Skulen som samfunnsbyggar» vil vi no enklare kunne nå ut til fleire, fortel MOT-koordinator Marie.
Bjørg-Elin Moen vil i samband med besøk til Ulstein ungdomsskule halde eit kveldsforedrag som er ope for alle. Trenarar og leiarar for lag og organisasjonar vil bli spesielt inviterte.
- Det er spennande at Ulstein kommune har valt å bli med heilt frå byrjinga med dette «MOT-løftet 2017». Takka vere økonomisk støtte frå Gjensidigstiftinga og Sparebank 1 SMN vil vi faktisk betale fleire tusen mindre, og likevel få meir gjennom desse to og eit halvt åra vi har binde oss til MOT-avtalane, avsluttar MOT-koordinatoren.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 15.02.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Marie Flatin Marie Flatin Ungdomsarbeidar og MOT-koordinator
913 63 818
@ Marie Flatin
Login for redigering