Ny vassleidning i Hasundvegen

Anleggsarbeid Hasundvegen.jpg - Klikk for stort bilete Odd Kåre Wiik

Utbygging er delt i etappar (sjå vedlagt kart).

Sjå detaljert kart her. (PDF, 2 MB)

Ulstein kommune skal legge ny vassleidning i vegen frå rundkøyring Standkrysset, innover gangvegen på Strandabø og vidare 800 meter innover Hasundvegen. Utbygging er delt i etappar som det kjem fram av kart, og etappe A startar allereie denne veka. Det vert endra køyremønster som følgje av utbygginga. All trafikkregulering vert skilta.

Teknisk etat, ved Odd Kåre Wiik, tek sikte på å få ferdig etappe A i skuleferien, slik at vegen vert opna og ferdig asfaltert til skulestart i haust. Entreprenør for arbeidet er Aurvoll og Furesund AS.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 26.06.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Odd Kåre Wiik Odd Kåre Wiik Avdelingsleiar drift og anlegg
916 16 381
@ Odd Kåre Wiik
Login for redigering