Naturmøteplassen Bugardsmyrane

Naturmøteplassen Bugardsmyrane - Klikk for stort bilete Ulstein frivilligsentral

Velkomne til triveleg prat rundt bålpanna i Bugardsmyrane onsdag kl. 12 -14.

Dagleg leiar for frivilligsentralen i Ulstein, Inger Anne Dimmen, og folkehelsekoordinator Kristine Dale inviterer til bålpanneprat onsdagar kl. 12-14 (atterhald om godt vêr).  Dei tenner opp bålet og byr på kaffi, vaflar og ei sosial stund. 

Arrangementet er ope for alle som vil.  Dei to entusiastane bak tiltaket hadde første samling onsdag 9. november, og satsar på at dette vert ei fast ordning fram til jul dersom veiret tilleg det .  Dei håper alle som går tur i området kjem innom på veg til eller frå tur, - gjerne også at dei som har høve til det tek med seg lunsjen til Bugardsmyrane for ei hyggeleg stund.

Flott tiltak!

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 16.11.2016
Fann du det du leita etter?
Login for redigering