Musikk, dans eller kunst…noko for deg?

Kultur_Fin gjeng med blåseinstrument.jpg - Klikk for stort bilete

Kanskje skulle du prøve kulturskulen! Søknadsfrist 30. april.

Gjekk du glipp av open kulturskuledag laurdag 11. februar? - Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål eller berre er nyskjerrig på kva vi har av tilbod på kulturskulen.

Kulturskulen er ein svært viktig del av born og unge sitt kultur- og oppveksttilbod i Ulstein.

Alle nye elevar må fylle ut eit elektronisk søknadsskjema som de finn på denne adressa: 

https://NOULSTEIN.speedadmin.dk/tilmelding

I skjemaet finn du informasjon om dei ulike tilboda i kulturskulen,  og det er berre å klikke på det ein ønskjer å melde seg på. Der er også eit kommentarfelt der ein kan skrive ei personleg melding til kulturskulen. Søknadsfristen er 30.04.2017.

 

Kulturskulen er på Facebook!  Dette har vist seg å vere ein grei måte å ha informasjonsflyt  med foreldra på. Så dersom du er på Facebook er det berre å ”LIKE” sida vår, så er du alltid oppdatert om alt det spennande som skjer i kulturskulen vår!  NB: Vi legg ut ein del biletreportasjer frå aktivitetane våra. Vi er svært nøye med at ingen bilete skal vere støytande på nokon måte, men ha eit positivt innhald. Vi legg heller ikkje ut namn på elevar.

 

Det viktigaste er at elevane får oppleve meistring i kulturskulen. Det å lære seg å arbeide målbevist fram til ein opptreden med musikk, song, dans eller ei kunstutstilling, er viktig for personleg utvikling - noko ein kan dra nytte av heile livet, også på andre områder.  Å praktisere desse aktivitetane blir ein heller aldri for gammal til, og ein kan glede både seg sjølv og andre med kunsten sin år etter år.

 

Der er dessverre ingen snarveg inn i kunsten og kulturen, men det er hardt arbeid, trening og terping time etter time og år etter år. Resultata kjem sakte men sikkert!  Det viktigaste er at ein heile tida kan sette seg oppnåelege mål undervegs og nå dei!  Dette er lærarane våre gode på, og det ser vi resultat av heile tida på alle våre show og konsertar gjennom heile året.

 

Støtte og oppmuntring er viktig. At foreldra set pris på borna sine aktivitetar, at dei lyttar til dei, kjem med rosande ord, og legg til rette for gode øvingsrutinar i heimen er uvurderleg!

 

Kulturinvestering for framtida! Nyare forsking har også mykje god dokumentasjon på at musikk og kunstutøving utviklar intellektet og styrkar helsa, og gjer oss klokare. 

 

Altså: Kulturskule skapar livskvalitet, og er investering for framtida!

 

Velkomen til Ulstein kulturskule!

 

 

Kart
Kulturskulen

 

 

 

 

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 14.02.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Robert  Skeide Robert Skeide Rektor (vikariat)
70 01 77 70
@ Robert Skeide
Turid Mette Dimmen Turid Mette Dimmen Sekretær
70 01 77 73
@ Turid Mette Dimmen
Meir informasjon (1)
Login for redigering