Mange prosjekt på gang i Ulstein

Arena Ulstein januar 2017.jpg - Klikk for stort bilete Laila Endresen

 Status - søknadar om spelemidlar

 

Innan søknadsfristen for spelemidlar 15. januar har Ulstein kommune sendt heile 18 søknadar om spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet.

  • Fire av søknadane er nye, resten er fornya søknadar (søknadar som tidlegare er godkjente/ innsende, men ventar på utbetaling/tildeling).
  • Ni av søknadane er om spelemidlar til nærmiljøanlegg, der Tufteparken Ulstein og Terrengsykkelbane Ulsteinvik er nye søknadar.
  • Det er også to nye spelemidlar for ordinære anlegg i 2017, det er Turvegen Lisjevatnet-Mosvatnet og turvegen Breifjellet-Årdalen.
  • Spelemidlar til friluftsliv har vore eit satsingsområde siste åra, og prosjekt som t.d. anlegga i Bugardsmyrane og turvegen til Lisjevatnet har difor blitt prioriterte frå fylket og fått tildeling raskt.

Siste åra har ein i Ulstein hatt inne spelemiddelsøknadar som vil utløyse tilskot på lag 55 millionar kroner. Dette er unikt både i høve talet på søknadar og godkjent søknadsbeløp. Dei store tilskota til Ulstein skuldast i hovudsak dei store anlegga Ulsteinhallen og Ulstein Arena, men talet på mindre søknadar er også verd å merke seg. «Vi får til mykje i Ulstein og hovudgrunnen til dette er det gode samspelet mellom kommunen og ulike lag og organisasjonar», seier Leif Ringstad og Kristine Brungot.

I tillegg til spelemidlar og kommunale midlar, er tilskot frå idrettslag og næringsliv viktige fundament i dette arbeidet. Det er mykje arbeid knytt til alle godkjenningane og søknadane, og dei fleste av søknadane må gjentakast i både tre og fire år før tildeling og utbetaling. Kristine Brungot er kommunen sin sakshandsamar for spelemidlane,  med ansvar for mellom anna idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av alle søknadar, samt rettleiing av lag og organisasjonar i arbeidet. Leif Ringstad arbeider fram dei fleste av søknadane der Ulstein kommune står som utbyggar, både til førehandsgodkjenning, til teknisk utval og til Møre & Romsdal fylke.

Det største enkeltprosjektet som no ventar på utbetaling er Ulstein Arena. Her kan kommunen vente eit tilskot på nær 35 millionar kroner.

Elles er det mange turvegar og nærmiljøanlegg som t.d. Tufteparken, ballbingane i Dimna og på Flø, Sykkelparken på Hovset og Aktivitetsparken i Onglasætra som etterkvart står for tur til å få tilskot.

I tillegg til desse 18 søknadane, er nye prosjekt i emning. For komande år er det allereie «meldt inn» tre nye prosjekt og det stoppar nok ikkje der. Gode anlegg er viktige både for trivsel og bulyst, folkehelse og den idrettslege aktiviteten i kommunen.

 

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 03.02.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Leif Ringstad Leif Ringstad Kultursjef
473 01 332
@ Leif Ringstad
Kristine Brungot Kristine Brungot Kulturkonsulent og kinosjef
482 59 087
@ Kristine Brungot
Login for redigering