Krystallklart vatn på Flø

Montørar frå NOKA, Andreas Hartz og Arnfinn Hem ved sidan av den nye membranriggen - Klikk for stort bileteMontørar frå NOKA, Andreas Hartz og Arnfinn Hem ved sidan av den nye membranriggen Odd Kåre Wiik

Det er no montert nytt reinseanlegg for vatn på Flø. Både membrananlegg og UV-anlegg er sett i prøvedrift.

Odd Kåre Wiik ved teknisk etat reknar med full drift frå i morgon ettermiddag. Noverande klor-reinsing (reserve) vert då kopla ut. Vassleidningar vert spylte og reinsa etter helga, og alle abonnentar skal no etter kvart få tilbake det krystallklare vatnet frå vassverket.   - Vi takkar for tolmod i anleggsperioden!

 Programmerar for det nye reinseanlegget, Elisabeth Bøyum Solheim frå Normatic - Klikk for stort bileteProgrammerar for det nye reinseanlegget, Elisabeth Bøyum Solheim frå Normatic Odd Kåre Wiik

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 03.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering