Kan spare 10 millionar på Ulsteinbadet

Ulsteinbadet - Klikk for stort bilete Per Eide

 

Badeanlegget på Ulstein Arena kan bli godkjent som opplevingssenter. Det vil gi Ulstein kommune ein gevinst på om lag 10 millionar kroner. Det er klart etter at Skatt Midt har vore på synfaring. 

I dag er Ulsteinbadet godkjent som symjehall. Dersom det vert installert to badestampar ute, ei ekstra sklie og fontener i barnebassenget, kan det bli godkjent som opplevingssenter. Det vil vere enkelt å installere dette, fordi det vart lagt til rette for ei slik utviding då anlegget vart bygd.

Uendra billettpris

Det vil koste 2,8 millionar kroner å installere det nye utstyret. Godkjenning som opplevingssenter vil gi kommunen 12,7 millionar meir i momsrefusjon frå staten enn det ein får om anlegget framleis vert definert som symjehall. Gevinsten for kommuneøkonomien vert om lag 10 millionar kroner. 

Sjølv om godkjenning som opplevingssenter vil gi krav om moms på badebillettane, vil kommunen ikkje auke billettprisane. Det kjem av at kommunen også vil få momsfrådrag på driftskostnadane, som ein vil nytte til å halde billettprisane uendra.

Med godkjenning som opplevingssenter, står kommunen fritt til å kunne auke opningstidene for publikum, dersom det vert behov for det.

Styrkar drifta og investeringsprosjektet

Styret i Ulstein eigedomsselskap (UEKF) skal ta stilling til saka 2. mai. Dagleg leiar i UEKF, Rune Urke, seier at å gjere dette grepet truleg er eit enkelt val for styret i UEKF.

– Det er iallfall vår tilråding at dette vert gjort. Det styrkar både drifta på lang sikt og gjer det lettare å avslutte investeringsprosjektet innanfor den vedtekne ramma. Der har vi ikkje full oversikt enno, men det nærmar seg, seier Urke.

Rådmann Einar Vik Arset seier avklaringa frå Skatt Midt er viktig.

– Dette med moms har henge i lufta lenge, men med tilbakemeldinga frå Skatt Midt fell ei viktig brikke på plass.

Kommunestyret har siste ord i saka 24. mai.


Les meir om saka i saksdokumenta til styremøtet i UEKF 2. mai.  
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 25.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering