Intensjonsavtale med Aido AS

Aido intensjonsavtale2.jpg - Klikk for stort bilete

Ordførar Knut Erik Engh og Håvard Ringstad, dagleg leiar i Aido AS, ser fram til godt samarbeid i 2017.

Den Ulsteinvikbaserte teknologiverksemda Aido AS har inngått intensjonsavtale med Ulstein kommune som pilotkunde.

Aido utviklar ein applikasjon for samhandling som skal hjelpe dei ulike aktørane i arbeidsmarknaden til lettare å kommunisere og samhandle. Aido kal bidra til å skape moglegheiter i arbeidsmarknaden som i dag er uoversiktelege eller fråverande. Aido skal óg tilby tenester innan rådgjeving og konsulentbistand dersom det er ønskjeleg.

Selskapet har utvikla to løysingar, Aido Public og Aido Pool, som skal bidra til eit meir berekraftig samfunn. Ei målsetning er å endre ei oppfatning av kva som er problem og kva som er ressurs i samfunnet. Gjennom synleggjering og aktivisering vil Aido forenkle koplinga mellom behov for ressursar og ledige ressursar.

Føremålet med prosjektet er å teste, vidareutvikle og ferdigstille applikasjonen for deretter å gjennomføre full implementering hos pilotkunden.

Det er venta at prosjektet skal gå ut 2017.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 03.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering