Innbyggarundersøking 2017

Planar for utbygging av "bensinstasjonstomta" i Bjørndalvegen - Klikk for stort bilete

 Korleis vil vi ha det i Ulstein?

Resultata frå undersøkingane i 2013 og 2015 viser at det gjennomgåande har gått rette vegen for Ulstein-samfunnet og det viser ei forbetring av dei kommunale tenestene.  Samstundes viser resultata også ganske tydeleg på kva område vi har eit forbetringspotensiale. Når vi no går ut med ny undersøking vil svara som kjem inn i 2017 vise om vi har teke godt nok tak i utfordringane slik at vi framleis har ei god retning. 

Ulstein kommune gjennomførte si første innbyggarundersøking i 2013 og har bestemt at slike undersøkingar må gjennomførast med jamne mellomrom skal dei kunne brukast som styringsverktøy for politikarane. Tanken er at svara/resultatet skal ha betydning for kommunen si prioritering mellom tenestene. 

Innbyggarundersøkinga 2017 går ut i starten av september, og vert sendt til eit tilfeldig utval av om lag 2500 innbyggarar over 18 år.  Svarfrist vert sett til rundt 20. september med tanke på at resultatet skal vere klart i god tid før politikarane skal vedta budsjett- og økonomiplan i desember. 

I dei føregåande undersøkingane fekk vi inn svar frå om lag 700 begge åra. Vi håper sjølvsagt at alle - men i alle høve minst like mange - tek seg tid til å svare denne gongen også!  Vi satsar på den elektroniske versjonen av undersøkinga, og sender ut unike eingongspassord til målgruppa. Eingongspassordet opnar undersøkinga på www.svar.bedrekommune.no    

Rapportane for 2013 og 2015 på overordna nivå, snitt og uvikling (PDF, 215 kB)og på spørsmålsnivå (PDF, 790 kB)er henta frå www.bedrekommune.no  og viser resultatet for Ulstein samanlikna med landet forøvrig.

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 10.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering