Hit eit steg, og dit eit steg, dansar eg fram på skuleveg

 Marihøne - Klikk for stort bilete Pinterest

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ulstein kommune har 3 nytilsette rektorar som gleder seg skulestart.

  • Lars Ove Moldskred er nytilsett rektor ved Ulstein kompetansesenter. Moldskred har allsidig erfaring og utdanning. Dei siste fire åra har han vore lærar ved Bærum kommune sitt vaksenopplæringssenter. No har han og kona flytta tilbake til Sunnmøre og han ser fram til nye arbeidsoppgåver som rektor på kompetansesenteret. Han tek over etter Bjørnar Urke.
  • Vibeke Vigestad Berge er genuint oppteken av oppvekst og utdanning. Ho er nytilsett rektor ved Haddal skule og tek over stafettpinnen etter Kjell Runde. Dei ni siste åra har ho vore tilsett i skuleadministrasjonen og -leiinga i Volda kommune. 
     
  • Karen Strand skal vere vikar for Berit Brunvold ved Ulstein skule. Strand har fått permisjon frå stillinga si som inspektør ved Ulsteinvik barneskule.

Måndag 21. august 2017 er det skulestart for grunnskulen i Ulstein kommune.

 

Første skuledagen min

Himmel høg og verda stor
der på trappa vinkar mor.
Første skuledagen min,
ikkje rart at sola skin.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg.
Kjolen den er himmelblå,
med ei raude marihøne på

Knapt eg blunda siste natt
drøymde eg på skulen sat.
Frøken ba om to frå ti,
tenk eg ga ho kuleramma mi.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg.
Rundt ein pytt og over stein,
liten fot skal halde skoen rein.

Bak på ryggen dinglar lett,
finast ransel eg har sett.
Med pennal og fargekritt,
på ei bok står heile namnet mitt.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg.
Eg har nisteboksen full,
den eg fekk av bestemor til jul.

Bort på bakken slottet står,
eigen pult og knagg eg får.
Rekne - teikne troll og dyr -
også høyre eventyr.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg.
No skal heile verda sjå,
kjolen min har marihøne på.

Det er visst slik - eg gruer litt.
Hoppar ikkje hjarte mitt?
I skulestova vill eg lell,
pytt - eg tar det heile som det fell.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg.
No kan heile verda sjå,
berre eg har marihøne på.

- Ingebrikt Davik

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 04.08.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Lars Ove  Moldskred Lars Ove Moldskred Rektor
481 96 648
@ Lars Ove Moldskred
Vibeke Vigestad Berge Vibeke Vigestad Berge Rektor
70 01 74 60
@ Vibeke Vigestad Berge
Karen Strand Karen Strand rektor, vikar
994 12 490
@ Karen Strand
Login for redigering