Hekta på kurs

Soneleiarane Gunn Helen Hauge Muren og Gunn Sætre - Klikk for stort bileteSoneleiarane Gunn Helen Hauge Muren og Gunn Sætre

Helse- og omsorgsetaten i Ulstein har inngått gruppeavtale om e-læringskurs til alle tilsette.

 - Vi skulle i utgangspunktet ha legemiddelkurs, noko som er lovpålagt for alle som administrerer medisin, men vi fekk i denne avtalen mange fleire relevante kurs for dei tilsette.  Dette fortel soneleiar Heidi Strand ved helse- og omsorgsetaten.  

- Det viser seg at dei tilsette, som i stor grad må ta opplæringa på fritida - eller på jobb dersom det er rom for det, har blitt litt hekta på kurs. Dette synest vi er veldig bra! Det er kjekt at tilsette synest det er spennande å utvide kompetansen sin og lære noko nytt.

Kursa er tilpassa ulike yrkesgrupper og også for pasientar. No vert det intern konkurranse mellom sonene om kven som gjennomfører flest kurs! Og oppmodinga frå dei tilsette er: Sett i gang - dette er både gøy og lærerikt!

Ved helse- og omsorgsetaten i Ulstein er det om lag 250 tilsette.

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 27.10.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering