Heia Karsten!

Flagget til topps for EM-finalar - Klikk for stort bilete

 

Vi sender flagget til topps for Karsten Warholm som har kome til finale i heile to EM-øvingar. Steinar Torvik og Gry Nordal, fungerande ordførar og rådmann, ønsker Ulstein-ambassadøren vår lukke til både i kveld og i morgon!

Helsing frå varaordførar Steinar Torvik:

– Med EM-kvalifisering til finale i både 400 meter hekk og 400 meter flatt, har du igjen vist at du kan levere, og vi heiser flagget her i Ulsteinvik.

– I kveld har Dimna IL invitert til storsamling på Sjøborg. Me kryssar fingane både i kveld og på fredag. 

– Karsten er ein dyktig idrettsutøvar og ein flott ambasadør for idretten og vår kommune. Det er fleire enn meg som hugsar den flotte attesten han fekk av trenar Leif Olav Alnes: Karsten har høg sjøvtillit og presterer på høgt nivå, men han er ikkje høg på seg sjølv, difor sa eg ja til trenarjobben. 

– Etter å ha vore på besøk her, såg trenaren klart at fundmentet for karrieren og veremåten til Karsten var den nærmaste familien, oppvekstmiljøet og kvardagsheltane i Dimna idrettslag. Kvar dag legg dei til rette for at born og unge kan gle seg til å møte på kjekke samlingar. 

– I Ulstein er vi heldige med mange som er engasjerte i frivillige arbeid. Takk til alle som står i dette viktige arbeidet! 

 
 
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 09.08.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering