Pedagogisk-psykologisk teneste - Interkommunal PPT for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta

Pedagogisk-psykologisk teneste - Interkommunal PPT for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta

Ulstein er vertskommune for interkommunal PPT.

Barn/elevar som ikkje har, eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære barnehage-/skuletilbodet, har rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning. Før eininga kan fatte enkeltvedtak, skal det føreligge ei sakkunnig vurdering utarbeidd av PPT.

Dersom du som forelder eller føresett er bekymra, kan du ta kontakt med skulen eller barnehagen.

Før søknad om bistand frå PPT skal skulane og barnehagane bruke flytskjema. Ved søknad må det leggast ved god og relevant dokumentasjon som samtykke, pedagogisk rapport, kartlegging og evaluering av tiltaka som har vore sett i verk.

Styrarar/rektorar kan ta kontakt med teamkoordinator på e-post eller telefon viss det er spørsmål eller behov for litt drøfting før innsending av søknad.

Samtykkeskjema finn du her. (PDF, 145 kB)

Til hjelp for dei med behov for særskilt tilrettelegging

PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Målet er at alle skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

PPT har både system- og individretta arbeidsoppgåver, og det er viktig at oppgåvene vert sett i samanheng. Tenesta skal vere til hjelp i barnehagar og skular med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.

PPT skal samarbeide med barnehagane og skulane om tidleg innsats og førebygging. Tenesta skal gi generell støtte til god fagleg og sosial utvikling for barn og elevar.

Det systemretta arbeidet kan mellom anna gå føre seg i utviklingsprosjekt, tverrfagleg samarbeid og møte med faglege eller sosiale tema, som til dømes

  • språk- og kommunikasjonsutvikling
  • førebygging av språkvanskar, lese- og skrivevanskar
  • leik og samspel
  • utvikling av trygge og inkluderande læringsmiljø
  • tilpassa, likeverdig og inkluderande opplæring for elevar med ulike diagnosar t.d. ADHD, autisme eller spesifikke språkvanskar
  • førebygging, avdekking og handtering av mobbing

 

Mandatet til PPT er regulert i opplæringslova § 5-6 og barnehagelova § 33.

Kontaktinformasjon og tilsette på PPT
  • e-post: ppt@ulstein.kommune.no
  • besøksadresse: Blåhuset, Vikemyra 1, 3. etasje, 6065 Ulsteinvik
  • postadresse: Interkommunalt PPT, postboks 200, 6067 Ulsteinvik
  • telefon: 46 92 30 51 (telefontid klokka 09.00–15.00)

 

Tilsette i PPT-teama:
 

Leiar og merkantil

Ingrid Evebø Haug, PPT-leiar
telefon 94 88 40 62
ingrid.evebo@ulstein.kommune.no

Randi Lyngbø Ottesen, PPT-nestleiar
telefon 48 01 74 29
randi.lyngbo.ottesen@ulstein.kommune.no

Hanne Ulstein, administrativ konsulent
telefon 46 92 30 51
hanne.ulstein@ulstein.kommune.no

Inger Anne Fugelsnes, sekretær
telefon 48 01 74 22
inger.anne.fugelsnes@ulstein.kommune.no

 

Førskuleteam

Tina Louise Liadal, teamkoordinator førskule
telefon 48 01 74 27
tina.louise.liadal@ulstein.kommune.no

Sissel Helen Hasund, ped.-psyk. rådgivar
telefon 97 61 48 06
sissel.helen.hasund@ulstein.kommune.no

Randi Janne Kvammen, ped.-psyk. rådgivar
telefon 48 01 74 26
randi.kvammen@ulstein.kommune.no

Birte Haddal Engeset, ped.-psyk. rådgivar
telefon 97 56 14 81
birte.haddal.engeset@ulstein.kommune.no

Mona Eri Pettersen, ped.-psyk. rådgivar
telefon 48 01 74 21
mona.eri.pettersen@ulstein.kommune.no

Christina Grimstad Brekke, ped.- psyk. rådgivar
telefon 48 01 74 31
christina.grimstad.brekke@ulstein.kommune.no

Hege Abeltun, ped.-psyk. rådgivar
 

 

Barneskuleteam

Kristin Sæther, teamkoordinator barneskule
telefon 46 95 18 25
kristin.sather@ulstein.kommune.no

Annette Kjøde Egset, ped.-psyk. rådgivar
telefon 48 01 74 19
annette.kjode.egset@ulstein.kommune.no

Nina Lødøen Øen, ped.-psyk. rådgivar
telefon 48 01 74 24
nina.oen@ulstein.kommune.no

Elisabeth Skeistrand, ped.- psyk. rådgivar
telefon 96 04 81 64
elisabeth.skeistrand@ulstein.kommune.no

Jannicke Susann Bøe, ped.-psyk. rådgivar
telefon 46 95 76 14
​​​​​​​jannicke.susann.boe@ulstein.kommune.no

Elisabeth Lillestøl, ped.-psyk. rådgivar
telefon 91 24 32 29
elisabeth.lillestol@ulstein.kommune.no 

Marit Hovdenak, ped. -psyk. rådgivar
telefon 94 88 46 70
Marit.hovdenak@ulstein.kommune.no

Ungdom - vaksne og vidaregåandeteam

Viviann Skeide, teamkoordinator ungdom/vaksen/VGO
telefon 48 01 74 28
viviann.skeide@ulstein.kommune.no

Anne Ragnhild Roland, ped.-psyk. rådgivar
telefon 48 01 74 23
anne.ragnhild.roland@ulstein.kommune.no

Anja M. N. Korshaug, ped.- psyk. rådgivar
telefon 91 87 62 37
anja.merete.nykrem.korshaug@ulstein.kommune.no

Marianne Haugen Myklebust, ped.-psyk. rådgivar
telefon 48 01 74 30
marianne.haugen.myklebust@ulstein.kommune.no

Hege Gaupseth, ped.-psyk. rådgivar
telefon 48 01 74 32
hege.gaupseth@ulstein.kommune.no 

Mildrid Flø, ped.-psyk. rådgivar
telefon 94 88 72 80
mildrid.flo@ulstein.kommune.no

Toril Sørheim, ped.-psyk. rådgivar
telefon 48 01 74 25
toril.sorheim@ulstein.kommune.no

 

Førskule

PPT utarbeidar sakkunnig vurdering der lova krev det. For førskuleborn gjeld fylgjande:

Barnehagelova:

  • § 31 – Rett til spesialpedagogisk hjelp
  • § 38 – Rett til teiknspråkopplæring
  • § 39 – Barn med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Opplæringslova:

  • § 2-1  tredje ledd – Utsett eller tidleg skulestart


For meir informasjon om spesialpedagogisk hjelp og saksgang - sjå Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Grunnskule

PPT utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det. For grunnskulebarn gjeld følgande:

Opplæringslova:

  • § 2-1 Fjerde ledd  - Fritak frå opplæringsplikta
  • § 2-6 Teiknspråkopplæring
  • § 2-14 Punktskriftopplæring, mobilitet og bruk av tekniske hjelpemiddel
  • § 2-16 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • § 5-1 Spesialundervisning


For meir informasjon om spesialundervisning og saksgang - Sjå Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Vidaregåande opplæring

PPT utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det. For elevar i vidaregåande opplæring gjeld fylgjande:

Opplæringslova:

  • § 2-16 - Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • § 3-1 femte ledd - Utvida opplæringstid med inntil to år
  • § 3-9 - Teiknspråkopplæring
  • § 3-10 - Punktskrift
  • § 3-13 - Opplæring av elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med behov for (ASK)
  • § 5-1 - Spesialundervisning

 

Forskrift til Opplæringslova:

  • § 3-32 - Særskilt tilrettelagt eksamen
  • § 3-42 - Unntak ved bestått-kravet av yrkesfagleg utdanningsprogram 
  • § 3-61 - Særskilt tilrettelegging ved sveineprøve/fagprøve og     kompetansebevis
  • § 6-15 - Fortrinnsrett til særskilt utdanningsprogram
  • §§ 6-17 og 6-31 - Sterkt nedsett funksjonsevne


For meir informasjon om PPT i vidaregåande opplæring - Sjå Møre og Romsdal Fylkeskommune sine nettsider.

 

Vaksenopplæring

PPT utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det. For vaksenopplæringa gjeld fylgjande:

Opplæringslova:

  • § 4A-1 - Grunnskuleopplæring for vaksne
  • Spesialundervisning på grunnskulen sine områder
  • § 4A-3 - Vidaregåande opplæring for vaksne over 25 år


For meir informasjon om saksgang og spesialundervisning for vaksne - Sjå Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Korleis søke om hjelp?

Det er barnehagar, skular og vaksenopplæringa som skal fylle ut søknad om hjelp frå PPT.

Føresette/verje/andre instansar som ønsker bistand frå PPT må ta kontakt via eininga som barnet/eleven høyrer til. 

Ved søknad om bistand for førskule, grunnskule og vaksenopplæring, skal einingane søke her:

 

For elevar i vidaregåande opplæring - Sjå meir informasjon om korleis søke her.

eDialog – Trygg innsending av informasjon

eDialog – Trygg innsending av informasjon til Interkommunalt PPT for Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta

Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk  – også om dei inneheld sensitiv informasjon.


Kvifor bruke eDialog? 

Med tenesta eDialog kan du vende deg til oss i ein sikker kanal. Det er betre å bruke eDialog
enn e-post, fordi e-post kan bli hacka eller stoppa i eit spamfilter, eller saksbehandlaren du
sender e-post til, kan vere bortreist. Vi tilrår difor at du brukar eDialog når du skal sende oss
noko, også når innhaldet ikkje er sensitivt.  Ver OBS på at dokumenta må vere i pdf-format.

 

Slik fyller du ut skjemaet i eDialog

  • Obligatoriske felt er merka med *.
  • Vel om du er privatperson/innbyggar eller om du representerer ei verksemd.
  • I tittelfeltet skriv du kva saka gjeld, skriv også saksnummeret om du har det, for eksempel 2020-19.
  • Gi ei god skildring av det du sender inn.
  • Last opp eventuelle dokument. Dokumenta MÅ vere i pdf-format.
  • Klikk på «Send forsendelse». Då vert brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt. 
  • Du får ei kvittering på sendinga på e-post. 

 

For å komme inn på eDialog til PPT, klikkar du her og loggar på med MinID, BankID eller liknande.