Garsholvegen stengt for gjennomkøyring

Garsholvegen.jpg - Klikk for stort bilete

Arbeidet med legging av ny hovudvassleidning går etter planen, og om ikkje noko uførutsett kjem til vil vi halde framdrifta og vere ferdige med graving i veg i løpet av mai.

Teknisk etat ved Odd Kåre Wiik melder at Garsholvegen vert stengt for gjennomkøyring i perioden måndag 20. mars kl. 10.00 og om lag ut mai i år (sjå kart) (PDF, 3 MB). Det vil i heile anleggsperioden  vere trygg passasje for gåande og syklande forbi anleggsområdet.

Det vert no lagt ny vassleidning og mange andre teknisk rør i vegen.  I aktuell periode køyrer bussane fylkesvegen. Det er ordna med trygg skuleskyss.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 20.04.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Odd Kåre Wiik Odd Kåre Wiik Avdelingsleiar drift og anlegg
916 16 381
@ Odd Kåre Wiik
Login for redigering