Går det rette vegen?

Saunesparken - Sjøgata - Klikk for stort bileteSaunesparken - Sjøgata Per Eide

 Innbyggarundersøking 2017

Ulstein kommune går denne veka ut med ny innbyggarundersøking; den tredje i rekkja.  Vi har tidlegare gjennomført tilsvarande undersøking i 2013 og 2015, og svara som kjem inn i år vil vise om vi går i rett retning.

Ordførar Knut Erik Engh og rådmann Verner Larsen appellerer difor til dei 1000 innbyggarane som i løpet av veka får brev, om å ta seg tid til å svare på undersøkinga - både om det som går godt og om det som folk opplever går mindre godt.

Spesielt interessant er det i år at Vanylven kommune og Herøy kommune også går ut med same type innbyggarundersøking. Vi kan då få samanlikne svara/rapportane frå Ulstein si undersøking med nabokommunar, og ikkje berre med "landet for øvrig", som det heiter i rapportsystemet frå bedrekommune.no.

Ordførar Knut Erik Engh - Klikk for stort bileteOrdførar Knut Erik Engh Cecilie Hatløy

Konst. rådmann Verner Larsen - Klikk for stort bileteKonst. rådmann Verner Larsen Tony Hall

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Undersøkingane som var gjennomført i 2013 og 2015 vart sendt ut som brevpost med skjema og frankert returkonvolutt. Det enkelte skjemaet var påført unikt eingongspassord for høve til elektronisk svar. Mange svarde elektronisk, medan nesten like mange valde å svare manuelt. 

I år går vi ut med berre med eit enkelt informasjonsskriv påført eingongspassord, og satsar på at dei aller fleste vil svare elektronisk.  Dette gjer både førearbeid og etterarbeid enklare og mindre ressurskrevande, portoen vert klart rimelegare og ikkje minst kan rapportane takast ut umiddelbart etter at svarfristen er ute.  Samstundes vert det denne gongen lagt til rette for at dei som uansett ynskjer å svare manuelt får høve til det, sjå informasjonsskrivet. (PDF, 17 kB)

Svarfrist: 21. september 2017.

Innbyggarundersøkingane i 2015 og 2013.

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 01.09.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering