Friluftsområde – kartlegging og verdsetting

 

Friluftsområdekart - Klikk for stort bilete Vi ønsker dine innspel til kartet over friluftsområde i Ulstein som vi har begynt å lage. Finn du manglar i kartet? Gi oss beskjed!

Før du klikkar deg inn på friluftsområdekartet, bør du ta ein titt på rettleiaren for manøvrering og bruk av kartet (PDF, 150 kB)

 

Slik gir du innspel frå kartet:

  • Velg «Påtegning» under menyen til venstre i kartet.
  • Her kan du lage linjer, sirklar, areal, sette inn punkt, tekst m.m.
  • Velg «Del» per e-post under menyen til venstre, og trykk «Åpne epostprogram».
  • Forklar innspelet ditt inn i e-posten og send til friluftsliv@ulstein.kommune.no. 

Du kan også dele påteikningane dine på kartet direkte til Facebook. Du kan sjølvsagt også sende inn kommentarar på e-post utan bruk av kart. 

Klikk her for å kome til friluftsområdekartet for Ulstein.

 

Dette ynskjer vi innspel på:

  • Er det viktige friluftsområde som manglar i kartet?
  • Stemmer dei innlagte friluftsområda, eller må grensene justerast?
  • Kva er dei viktigaste friluftsområda i ditt nærmiljø – og/elles i kommunen?
  • Kva konkrete aktivitetar blir dei ulike områda brukt til?
  • Kor mykje blir dei ulike områda brukt, og kven er brukarane?
  • Kva kvalitetar har dei ulike områda som gjer at dei vert brukt til slik aktivitet?
  • Er områda tilrettelagt, eller er det behov/ynskje om meir tilrettelegging? I så fall på kva måte?

 

 

Friluftsområdet Kjerringnesvatnet - Klikk for stort bileteFriluftsområdet Kjerringnesvatnet

 

Kvifor denne kartlegginga?

Ulstein kommune skal kartlegge og verdsette friluftsområda i Ulstein. Føremålet med kartlegginga er å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftsliv, også for komande generasjonar. Kunnskapen skal brukast som grunnlag i arealplanlegging- og forvaltning, og slik sikre innbyggjarane muligheit til å drive eit variert friluftsliv, både i nærmiljøet og i naturen elles. Vi ynskjer også å sikre og utvikle område med ulike kvalitetar for å bidra til eit breidt spekter av friluftsaktivitetar for alle.

 

Arbeidet så langt

Ei arbeidsgruppe med representantar frå kommune og frivillige organisasjonar har utarbeidd eit friluftsområdekart som består av to kartlag. Det eine viser alle kartlagde friluftsområder med fargekodar for ulike områdetypar. Det andre viser kva verdi vi har foreslått på dei ulike områda. Områdekartet og verdikartet kan ha ulik inndeling av friluftsområder.

Arbeidsgruppa har etter beste evne teikna inn områda vi veit blir brukt til friluftslivsaktivitetar, og vurdert verdien på kvar av desse etter ei rekkje kriterier. Rettleiaren Kartlegging og verdsetting av friluftsområder frå Miljødirektoratet har vore utgangspunktet for arbeidet.

For at kartlegginga skal bli best mogleg, treng vi hjelp frå brukarar av områda. Vi treng lokalkunnskap om viktige snarvegar, turstiar, område for vinteraktivitetar og spontan aktivitet og leik. Det kan vere alt frå staden ein plukkar sopp eller bær, utandørs møteplassar i nabolaget, der ein står på skeisser, stadar for å dra på speidarturar eller for å vere åleine og nyte stillheiten og naturen. Det er viktig for oss å få med alle område som blir brukt til aktivitet, med særleg vekt på dei minste som kanskje ikkje beveger seg så langt. Med friluftsaktivitet meiner vi derfor all aktivitet utandørs, frå det nære friluftslivet til dei lengste turløypene.

Publisert av Arild Støylen. Sist endra 26.02.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering