– Fjernvarme kan spare fylkeskommunen for store investeringar

Ulstein vidaregåande skule - Klikk for stort bilete

 

Ulstein kommunestyre oppmodar fylkeskommunen om å bruke det eksisterande fjernvarmeanlegget som klimatiltak ved Ulstein vidaregåande skule.

 

Kommunestyret står samrøystes bak denne uttalen som er sendt til fylkesordføraren og gruppeleiarane ved fylkestinget i Møre og Romsdal:

«Ulstein kommunestyre oppmodar Møre og Romsdal fylkeskommune om å ta i bruk eksisterande fjernvarmeanlegg som klimatiltak ved Ulstein vidaregåande skule (UVS).

Ulstein kommune og selskapet Ulstein Fjernvarme har gjennomført store investeringar for å få på plass eit omfattande fjernvarmeanlegg basert på fjordvarme i Ulsteinvik sentrum og fram til Høddvoll-området. Totalt har kommunen og fjernvarmeselskapet investert omlag 63 millionar kroner i prosjektet og av dette har ein motteke tilskot frå ENOVA på kr ca. 7 millionar. Ulstein fjernvarme er det viktigaste klimatiltaket som Ulstein kommune har gjennomført, og har i dag ein utbygt varmekapasitet på 3,4MW og tilgjengeleg kjølekapasitet på 5MW. Anlegget består pr i dag av totalt 4 kilometer med rør i grøft (tur 4 km/retur 4 km), 0,8 kilometer sjøleidning, 5 stk. energisentralar.

Ein av sentralane står plassert i Ulsteinhallen vegg i vegg med UVS med rør for varme fram til teknisk rom for UVS. Denne sentralen viser seg å ha betydeleg overkapasitet grunna lågare forbruk på Ulsteinhallen enn føresett. Det gjer at ein mest truleg kan dekke energibehovet til UVS med same energisentral og dermed spare fylkeskommunen for store investeringar. Ved å knytte seg på Ulstein Fjernvarme sitt anlegg vil fylkeskommunen i tillegg spare utgifter til drift og vedlikehald av eigen energisentral.

Under handsaming av sak T7/17 Energi og klimatiltak i fylkeskommunale bygg i fylkestinget den 26. april 2017 vedtok fylkestinget samrøystes at «Fylkeskommunen skal vurdere å nytte eksisterande opplegg for vassboren varme der dette er tilgjengeleg dersom det ikkje fører til vesentleg prisauke på energibruken».

Ulstein kommunestyre har forståing for at fylkeskommunen må ta omsyn til driftskostnadane også når det gjeld fjernvarme, men vil likevel sterkt oppmode fylkeskommunen om å gå i forhandlingar med Ulstein Fjernvarme for å sjå om det kan vere grunnlag for å få på plass ein avtale der ein nyttar eksisterande anlegg framfor å etablere eit nytt anlegg som vil krevje store investeringar og driftskostnader.»

(Vedtatt i Ulstein kommunestyre 22.3.2018)
 
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 26.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering