Ferie for alle

Ferie for alle_Røde Kors.jpg - Klikk for stort bilete

- eit gratis ferietilbod til barnefamiliar med svak økonomi og ein vanskeleg livssituasjon

 

Røde Kors i Møre og Romsdal arrangerer ferieturar for barnefamiliar som har dårleg økonomi, og som er i ein vanskeleg livssituasjon. Målet med turen er at familien skal få ei ferieoppleving saman, eit pusterom frå kvardagen der dei ikkje treng å bekymre seg for økonomien, og skape eit nettverk med andre familiar i same situasjon.

Målgruppa er familiar med barn i barneskulen, altså mellom 6 og 13 år. Det er nok at 1 av barna i familien er i målgruppa.

Turen gjennomførast 17.– 22. juli, og går til Hurdal i Akershus. Alle utgifter er dekt av Røde Kors, og det blir satt opp buss frå fylket som man kan benytte seg av gratis. Reiseleiarar frå Røde Kors er med på turen, og i Hurdalen det lagt opp til varierte aktivitetar både inne og ute gjennom hele veka.

Påmeldingsfrist: 28. april 2017

For meir informasjon sjå Røde Kors sine nettsider. I høgremagen finn du også søknadsskjema.

Du kan også sende e-post til asbjorn.wille@redcross.no på distriktskontoret til Røde Kors, eller ringe på telefon direkte 70 16 08 07 eller  902 67 320.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 03.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering