Fastlegane i Ulstein tek tak mot antibiotikaresistens

Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Inger Lise Kaldhol Tony Hall

 

Antibiotikaresistens er ein aukande helsetrussel. Fastlegane i Hareid og Ulstein er no i gang med eit prosjekt som skal motverke denne trusselen. Innbyggarane kan også bidra. 

 

Antibiotika er kanskje den viktigaste medisinske oppdaginga nokon sinne. I tida før antibiotika blei tilgjengeleg, var infeksjonssjukdommar ei vanleg dødsårsak i Norge. Slik er det ikkje lenger. I tillegg er verksame antibiotika ei forutsetning for mykje av moderne medisinsk behandling som til dømes kirurgi og kreftbehandling.

Men denne medisinske suksessen har også ei skyggeside. Antibiotika har i aukande grad blitt brukt mot sjukdommar der medisinen ikkje har noko effekt; forkjøling, influensa, bronkitt, kortvarig øyrebetennelse, sår hals. Slike milde sjukdommar er svært vanlege, medan dei alvorlege sjukdommane – der antibiotika verkeleg gjer ein forskjell – er ganske sjeldne. Og problemet er at til meir antibiotika vi brukar, til lettare er det at bakteriane blir motstandsdyktige – resistente – mot antibiotika. Målet er difor å bruke antibiotika berre når det trengs.

Meir antibiotikabruk i Ulstein og Hareid

Både i Ulstein og Hareid blir det brukt meir antibiotika enn det som er gjennomsnittleg i Norge, og då er også faren for antibiotikaresistens større. Dette vil vi gjere noko med. Dei fleste av fastlegane har difor blitt med i eit prosjekt som heiter Riktigere antibiotikabruk i kommunene, i regi av Antibiotikasenteret for primærmedisin. Føremålet med prosjektet er å la fastlegane få ei god oversikt over eiga antibiotikaforskriving, slik at dei lettare kan forbetre bruken.

Kva kan vi gjere sjølve?

Innbyggarane kan også bidra til ein betre antibiotikabruk. Frå forsking veit vi at legar har lett for å tru at pasientane absolutt ønskjer antibiotika, sjølv om dei same pasientane heller vil ha ei grundig undersøking og gode råd framfor antibiotika.

Snakk om antibiotika viss du er hjå legen for ein infeksjonssjukdom; Kva effekt vil ein antibiotikakur gi? Er det trygt å sjå korleis det går utan antibiotika? Viss vi snakkar saman om saka, unngår vi at ei mistyding fører til unødvendig antibiotikabruk.

Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol

 

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 11.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering