Erstatning til grunneigarar på Skeide

  Skeide - Ulsteinvik -foto Per Eide.JPG - Klikk for stort bilete Per Eide

Frå 4. juni vert det halde skjønnsrett på Ulstein rådhus. 

Ulstein kommune har inngått avtale om å kjøpe grunn av om lag femti grunneigarar på Skeide. Grunnen skal bli bustadfelt. 

Sunnmøre tingrett skal no avgjere kva erstatning grunneigarane skal få – ved eit såkalla rettsleg skjønn. 

Det er sett av sju dagar til forhandlingane i skjønnsretten, som startar måndag 4. juni kl. 9.30 på Ulstein rådhus, kommunestyresalen. 

Tysdag, onsdag og torsdag vert det synfaringar på den einskilde eigedomen som er omfatta av skjønnet. 

Den avsluttande prosedyra på kommunestyresalen vert måndag 11. eller tysdag 12. juni. 

Advokat Ingvar Seth representerer Ulstein kommune. Advokat Bjørn Kristian Hove representerer dei fleste grunneigarane. Tingrettsdommar er Knut Anders Oskarson.
 
  

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 04.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering