Den beste MOT-ungdomsskulen i landet!

Ein stolt og glad gjeng frå Ulstein, som vart kåra til årets beste MOT-ungdomsskule. F.v. Leon Romestrand, Gunhild Verås Grimstad, Mary-Ann Brandal, Knut Erik Engh, Marie Flatin og Torill Vågen Vattøy. Wenche Gjerde Sætre, ein av ungdomskulen sine MOT-coachar, var ikkje til stades. - Klikk for stort bileteEin stolt og glad gjeng frå Ulstein, som vart kåra til årets beste MOT-ungdomsskule. F.v. Leon Romestrand, Gunhild Verås Grimstad, Mary-Ann Brandal, Knut Erik Engh, Marie Flatin og Torill Vågen Vattøy. Wenche Gjerde Sætre, ein av ungdomskulen sine MOT-coachar, var ikkje til stades. – Eg er kjempestolt over at skulen vår får denne utmerkinga mellom 231 ungdomskular i heile landet. Det er godt jobba av heile gjengen, seier rektor Leon Romestrand.

Under årets MOT-ildsjelsamling i Stjørdal fekk Ulstein ungdomsskule torsdag prisen som den beste MOT-ungdomsskulen i landet.

I grunngivinga står det mellom anna at Ulstein får prisen for å ha jobba godt og systematisk med MOT gjennom mange år. Les meir om MOT-arbeidet i Ulstein her.

Knut Erik Engh, ordførar og MOT-leiar i Ulstein er sjølvsagt også stolt.

– Denne utmerkinga viser at satsinga på MOT i Ulstein har vore ein suksess. Grunngivinga for prisen, og tilbakemeldingar frå ungdom, viser at det er ei rett satsing, seier han.

MOT-coachane som gjennomfører det haldningsskapande programmet «Robust ungdom» ved ungdomsskulen, er takksame for at arbeidet vert lagt merke til og verdsett.

Både utmerkinga og det faglege påfyllet under årets samling inspirerer dei til vidare arbeid.

– Prisen deler vi med alle ved Ulstein ungdomsskule og i Ulstein. Alle trengst for å skape eit varmt og trygt lokalsamfunn, seier gjengen frå Ulstein.


 
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 07.09.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering