Deler du brønn med naboen?

Vasskran - Klikk for stort bilete  

No skal alle små vassforsyningssystem registrerast.

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrerte hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon og lenke til registreringsskjemaet, finn du på www.mattilsynet.no.

 

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt, mobiltilpassa skjema til føremålet. I skjemaet registrerer du kor vassforsyningssystemet er plassert ved å markere staden i eit kart. I tillegg er der nokre få tilleggsspørsmål.

 

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i arbeidet vårt. Ei slik oversikt kan for eksempel vere særs viktig når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mogleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt. 

 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny forskrift om drikkevatn, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrerte står i drikkevatnforskrifta § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i § 3, bokstav k.

 

Har du spørsmål om registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00 og spør om å få snakke med di lokale avdeling.

 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 15.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering