Bodplass under Smak av Ulstein

Torgplass - Klikk for stort bilete

 

Kulturkontoret tildeler bodplassar til bruk under festivalen Smak av Ulstein 7.–10. juni 2018. Her finn du informasjon om korleis du søker bodplass.

Det er eit avgrensa tal på bodplassar, og boder med lokale produkt vert prioriterte.

 

Prisar for bodplass under Smak av Ulstein:

  • Kommersielle/private: 1500 kroner utan straum / 2500 kroner med straum
  • Lag og organisasjonar: 0 kronar utan straum / 500 kroner med straum

 

Ulstein kommune har vedtatt nye retningslinjer for torghandel i Ulstein (PDF, 512 kB). Desse skal fylgjast av dei som ynskjer bodplass under Smak av Ulstein. 

 

Før du kan søke om bodplass under festivalen, må du ha søkt om torgplass. Bruk dette elektroniske skjemaet for å søkje om løyve til torgplass. Merk at det å søke torgplass, ikkje automatisk gir bodplass under Smak av Ulstein. 

 

Send søknaden om bodplass på e-post til annika.brandal@ulstein.kommune.no. Søknaden må inneholde kopi av søknaden om torgplass, og serveringsløyve for dei dette er aktuelt for (jamfør retningslinjene for torghandel). Når løyvet er tildelt, skal kulturkontoret (for Ulstein kommune) og leigetakaren signere ein leigeavtale for kommunal grunn. 

 

Meir informasjon:

Sjå prosedyre for leige av kommunal grunn (DOCX, 15 kB)

Sjå avtale om leige av kommunal grunn (DOCX, 21 kB)

Sjå rettleiar om kontantomsetjing (PDF, 272 kB)
 
  

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 30.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering