Bli aktivitetsvenn

Aktivitetsvenn - Klikk for stort bilete

Aktivitetsvennkurs torsdag 21. og 28. september

Kva er Aktivitetsvenn?

Ein aktivitetsvenn er ein frivillig, som med kurs og veiledning, gjer aktivitetar saman med ein som har demens. Desse koplast saman på bakgrunn av felles interesser, slik at begge skal ha glede av å treffast. Ein kan gjere nesten kva som helst i lag, - poenget er berre at det skal gi glede og gode opplevingar.

På denne måten kan ein bidra til at ein som har demens får fleire aktivitetar og ei meiningsfylt fritid, og auka livskvalitet. Det viser seg at sjølv for dei der sjukdomen har kome langt at aktivitetar raskt blir gløymt, så varer dei gode følelsane, og stemninga.

Som aktivitetsvenn får ein tilbod om oppfølging, råd og veiledning for å bli trygg i rolla som aktivitetsvenn, og få nyttig kunnskap om kommunikasjon, problemstillingar og utfordringar som kan vere relevante for ein med demens.

 

Kurset blir på Skollebakken Aktivitetshus torsdag 21. og 28.september kl 18-21.

Gratis og uforpliktande å bli med på kurset. Enkel servering.

Tema for kurset er "Rolla som frivillig, demens og kommunikasjon".

 

Vidare kan dei som ynskjer å bli aktivitetsvenn melde seg, og få ein oppfølgingssamtale, før ein då blir kopla saman med ein som har demens, og kan kome i gang med aktivitetar.

 

 

Påmelding til kurset skjer til Inger Anne Dimmen innan 18.september:

E-post: inger.dimmen@ulstein.kommune.no

Telefon: 982 30 613

 

Meir informasjon om tilbodet Aktivitetsvenn finn du på Nasjonalforeningen for folkehelsen sine nettsider  http://nasjonalforeningen.no/tilbud/aktivitetsvenn-for-personer-med-demens/    

Du kan også ta kontakt med folkehelsekoordinator Kristine Dale, mob. 476 69 373 eller epost til  kristine.dale@ulstein.kommune.no  

Informasjon om tid og stad for kurs/opplæring kjem i august.

ulsteinfrivilligsentral_logo.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 01.09.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Kristine  Dale Kristine Dale Folkehelsekoordinator
476 69 373
@ Kristine Dale
Inger Anne  Dimmen Inger Anne Dimmen Dagleg leiar
982 30 613
@ Inger Anne Dimmen
Login for redigering