Biblioteket i Ulstein - før og etter

Biblioteksjef Mona Iren Auganæs er på synfaring og sjekkar ut dei nye biblioteklokala i Arena Ulstein - Klikk for stort bileteBiblioteksjef Mona Iren Auganæs er på synfaring og sjekkar ut dei nye biblioteklokala i Arena Ulstein

Ei ny tid

Arena Ulstein er snart sant, og innbyggarane i Ulstein kan glede seg til mellom anna nytt og litt annleis bibliotek.

Med dette i sikte så ynskjer leiinga i Ulstein kommune, herunder vår entusiastiske biblioteksjef, å få vite meir om folk sitt forhold til biblioteket vårt i dag - og ikkje minst kva som vert forventa av det nye biblioteket.

I månadsskiftet februar/mars går vi difor ut med ei brukarundersøking som går direkte på bibliotektenesta.  Undersøkinga vert sendt ut elektronisk via epostadresser. 

Målgruppe

Sidan vi ikkje har tilgang til lister over innbyggarane sine epostadresser, har vi valt å sende undersøkinga til brukarar av bibliotektenesta siste to åra. Om lag 1300 personar er registrert som lånetakarar i denne perioden.

Ei lita generell oppmoding frå biblioteksjef Mona Iren Auganæs:  - Dei fleste av våre brukarar er allereie registrert hos biblioteket med epostadresser.  Vi manglar likevel adressene til alt for mange, og skulle gjerne fått oppdatert kontaklistene våre ganskje fort slik at vi kan nå brukarane på ein lettare og smidigare måte. 

- Generelt er SMS-varsling, epostkontakt, nye nasjonale lånekort og gjerne appar noko av det som er på trappene framover. Oppdaterte og korrekte adresser er difor viktig for oss.

Oppdaterte kontaktlister

Som ei lita hjelp for dei tilsette på biblioteket kan brukarar (og framtidige brukarar) av biblioteket sende melding om oppdaterte postadresser, epostadresser og mobilnummer til:

bibliotek@ulstein.kommune.no

- og alle vi har registrert epostadresser på før 25. februar vert med på brukarundersøkinga som går ut ved månadsskiftet februar/mars, seier ei smilande Mona Iren Auganæs.

Ulstein bibliotek

Publisert av Asbjørg Garshol. Sist endra 09.02.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering