Avtale om reservevassforsyning mellom Hareid og Ulstein

Anders Riise og Knut Erik Engh.jpg - Klikk for stort bilete Ulstein kommune

Ordførarar i Hareid, Anders Riise og ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, har signert avtale om gjensidig reservevassforsyning.

Formålet med avtalen er å sikre god reservevassforsyning for begge kommunane og regulere ansvar, plikter og rettar.

Situasjonar med større vedlikehald og akutte, ikkje planlagde hendingar som driftsstans og forureining som igjen krev at ein av kommunane treng meir vatn, eller vatn frå anna drikkevasskilde, skal no kunne handterast på ein god og sikker måte.

Samla gir dette ei tryggheit for innbyggjarane og avtalen gjer at vi vil få godkjent drikkevassforsyninga hjå Mattilsynet i begge kommunane.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 06.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering