Auksjon til inntekt for NRK TV-aksjonen 2017 - UNICEF

Hvert barn er en mulighet - Klikk for stort bilete

Auksjon

På Ulstein kommune si Facebook-side føregår det no ein auksjon med flotte gåver sponsa av lokalt næringsliv, kunstnarar og andre. Alle inntekter går uavkorta til TV-aksjonen 2017. De kan by på gåvene i kommentarfeltet under kvart bilete/gåve på Facebook. Bodfrist er søndag 22. oktober kl. 15:00. 

TV-aksjonen NRK 2017 er i år tildelt UNICEF – verdas største hjelpeorganisasjon for barn. UNICEF har som hovudoppdrag å sørge for at alle barn får sine rettigheiter ivaretatt og utdanning er eit viktig fokusområde. Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 22. oktober og innsamlingsaksjonen skal gi barn i krig og konflikt håp og framtid gjennom skulegang: «Hvert barn er en mulighet».

Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit heilt lands framtid på spel. Pengane som blir samla inn skal blant anna sørge for skuleutstyr, vidareutdanning av lærarar, oppbygging av skular og læringssenter til UNICEF sitt arbeid i Syria, Colombia, Sør-Sudan, Pakistan og Mali.

 

Bøsseberarar

Ulstein kommune treng også bøsseberarar til TV-aksjonen søndag 22. oktober. Du kan melde deg som bøsseberar på Blimed.no eller ta kontakt med Kari Marie Øvrebøe på SMS/telefon 900 50 757.

Utlevering av bøsser og roder skjer på rådhuset søndag 22. oktober frå kl. 14. Sjølve bøsseaksjonen vil føregå fortløpande mellom kl. 14 og 18.

Bli med å gi kvart barn ei moglegheit!

Bli bøsseberar

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 11.10.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Kari Marie Øvrebøe Kari Marie Øvrebøe Konsulent, informasjon og kommunikasjon
900 50 757
@ Kari Marie Øvrebøe
Login for redigering