Attraktive bustadtomter til sals på Legehaugane

bustadfelt - Klikk for stort bilete

 Søknadsfrist på sjønær tomt i idylliske Legehaugane bustadfelt på Dimna er 7. mai 2018. 

Ulstein kommune har under opparbeiding bustadfeltet Legehaugane på Dimna med 23 attraktive bustadtomter, samt 1 tomt for konsentrert utnytting.

Tomtene vil bli byggeklare i slutten av mai 2018. I anleggstida bør synfaring skje på kveld og utanom arbeidstid.
 
Kommunestyret har fastsett tomteprisen i bustadfeltet Legehaugane til kr 740,- pr. m2.
 
Tomtene skal seljast til kjøparar som bygg bustadhus “til eige bruk” på tomta. Tomt 24 er for konsentrert utnytting som firma kan søkje om tildeling på.
 
Søknadsfrist for første tildeling vert sett til 7. mai 2018. Dersom fleire søkjer på same tomt, vert det tildeling ved trekning. Det er derfor høve til å søkje på inntil 3 tomter i prioritert rekkefølge.
Det kan sendast inn ein søknad pr. husstand/firma.
 
Ikkje tildelte tomter etter første runde vert selt fortløpande.
 
Nærare opplysningar, søknadsskjema og kart får ein på teknisk etat v/Anita Øyehol, tlf. 70 01 76 00 ev. Arnfinn Rørvik, tlf. 70 01 76 08, eller på www.ulstein.kommune.no
 
Gå inn på https://cityplanneronline.com/ulstein/legehaugane for 3D-modell av byggefeltet. Der finn du også link til søknadsskjema.
 
Søknaden må sendast elektronisk til:
postmottak@ulstein.kommune.no
 
 
Kajakktur utanfor Legehaugane - Klikk for stort bilete
Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 16.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering