Årets Stikk UT!-turar er klare!

Framme f.v: Lykke Sophi Ulvestad, Kristian Bjørkedal,  Olai Ulvestad.  bak fv: Linn Angelica Pedersen, Marita M. Pedersen, Isak Pedersen. - Klikk for stort bileteFramme f.v: Lykke Sophi Ulvestad, Kristian Bjørkedal, Olai Ulvestad. bak fv: Linn Angelica Pedersen, Marita M. Pedersen, Isak Pedersen. Annfrid Worren

1. mai startar årets Stikk UT!-sesong, og i år er Ulstein kommune med for første gong. 

Stikk UT! er ein felles turkassetrim for alle medlemskommunane i Sunnmøre Friluftsråd, og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Nedanfor ser du alle turane som er med i vår kommune. Det trykte Stikk UT!-kartet blir sendt ut til alle husstandane i løpet av veke 17. Om du treng fleire kan du hente det gratis på sørviskontoret i kommunen.

Du vil også finne alle turane i Ulstein inne på kommunekart.com eller i appen Kommunekart

Nytt i år er at alle turane i fylket blir presenterte i same kartet og på den same nettsida. Det betyr at små og store turglade kan velje og vrake i 381 turar i 30 av kommunane i fylket.

Du finn meir informasjon om Stikk UT! og oversikt over alle turmåla på www.stikkut.no. Legg merke til at mange av turane ikkje kan opnast den 1. mai på grunn av mykje snø i fjellet i år. Sjekk turforklaringa om opningsdato før du legg ut på tur.

Stikk UT!-turar i Ulstein:
• Høgda på Eika
• Aursnesvatnet rundt
• Blåtinden
• Garnestua
• Høgåsen
• Lisjenotten
• Osberget
• Nibben
• Roppehornet
• Hoksteinen på Flø

 kommunekart.com - Klikk for stort bilete

Publisert av Anita Sundnes. Sist endra 20.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering