Årets modige førebilete

Årets modige førebilete 2017 - Klikk for stort bilete Marie Flatin

Ulstein - Lokalsamfunn med MOT har fått fem nye modige førebilete ved Ulstein ungdomsskule 

I samband med det haldningsskapande arbeidet MOT i ungdomsskulen vert det kvart år kåra modige førebilete i 9.klassene ved Ulstein ungdomsskule.
- Det er mange gode førebilete ved ungdomsskulen. Den som vert kåra frå kvar 9. klasse, er den personen som flest klassekameratar og kontaktlærarar meiner passar aller best som eit modig førebilete, forklarar MOT-koordinator Marie Flatin.


Årets modige førebilete er Anne Maria Langnes (9A), Lina Dorthea Solheim Stave (9B), Frida Flø (9C), Iver Fiskaa Ødegård (9D) og Sanne Kleven (9E).
Dei fem, som etter sommaren startar i 10. klasse, set stor pris på utmerkinga dei har fått: 
- Kjempekjekt, samstemmer dei.

Sjølvstendige ungdommar
Årets modige førebilete smiler når dei les alle dei fine tilbakemeldingane frå medelevane.
«Du er alltid blid og tek godt vare på dei i klassa», «Du tør å vere deg sjølv og står opp for andre» og «Du er snill og er ikkje redd for å gjere noko annleis» var mellom tilbakemeldingane Frida (9C) fekk.
 - Det er veldig kjekt at andre ser meg slik, seier Frida.

Medelevane til Sanne (9E) ser opp til henne fordi ho tek sine eigne val, viser at ho bryr seg og er til å stole på. Ei av tilbakemeldingane som Sanne likte spesielt godt var: «Du seier akkurat det du meiner sjølv om andre har andre meiningar».
Iver (9D) vart også kåra som eit modig førebilete fordi han tør å ta sine eigne val og ikkje følgjer straumen. Mellom dei andre gode orda Iver fekk var: «Du viser respekt, bryr deg, tek ansvar og tør å seie frå».

Mot til å bry seg
På utfordringa å trekke fram ei av dei mange fine tilbakemeldingane ho fekk vel Anne Maria (9A) denne: «Du gjer slik at eg kan vere 100 prosent meg sjølv når eg snakkar med deg».
- Det er sjølvsagt kjekt at folk stolar på meg, seier Anne Maria, som mellom anna også fekk ros for å vere positiv, snill og inkluderande.
Utifrå tilbakemeldingane som Lina Dorthea (9B) fekk er det ikkje tvil om at ho er ei jente som er positiv, blid og inkluderande: «Du smiler alltid og det smittar over på andre», «Du er modig, er deg sjølv og tek dine eigne val» og «Du aksepterer andre slik som dei er, og tenker på andre og ikkje berre deg sjølv».
- Eg er slik som eg ønsker at andre skal vere mot meg, seier Lina med eit smil.

 

Robust ungdom
MOT-besøka meiner dei fem modige førebileta er ei god påminning om korleis ein skal vere mot kvarandre.
- Nettopp det å ta eigne val og våge å skilje seg ut frå «flokken» er ein del av hovudessensen med det haldningsskapande MOT-arbeidet. Med MOT er målet vårt å skape robuste ungdommar som inkluderer alle, seier MOT-koordinator Marie.
Det aktuelle Mot-besøket der elevane stemmer på kven dei meiner er eit modig førebilete handlar om kva som kjenneteiknar eit godt førebilete.
- I nokre klasser kan det vere eit soleklart fleirtal for ein elev, medan det i andre klasser er fleire som får mange stemmer. Det viktige er at ungdommane er bevisste på kva slags verdiar som kan gjere oss alle til modige og gode førebilete, avsluttar MOT-koordinatoren .

 

 

 

 

 

 

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 23.06.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Marie Flatin Marie Flatin Ungdomsarbeidar og MOT-koordinator
913 63 818
@ Marie Flatin
Login for redigering