Ansvarleg vertskap Søre Sunnmøre inviterer til kurs og bransjetreff

Ansvarleg vertskap - Klikk for stort bilete

 

Ansvarleg vertskap er ein sentral del av arbeidet med ansvarleg alkoholhandtering.

Kurs i Ulsteinvik måndag 8. mai 2017

Kommunane på Søre Sunnmøre har opparbeidd eit tredjepart-samarbeid mellom kommune, politi og skjenkebransjen, og tilbyr eit kurs for dei som skal arrangere ei større tilstelling. Målet er å setje arrangørane i betre stand til å ivareta trivsel og tryggleik for gjestane, samt unngå overskjenking av gjestar og skjenking til mindreårige.

Tryggleik og trivsel er viktig for at publikum skal få ei god oppleving av arrangementa dei går på. Dette fører til at dei snakkar positivt om opplevinga, og at dei ynskjer å kome tilbake ved neste arrangement. Det er difor viktig at arrangørane brukar god tid på planlegging, sørgjer for god opplæring av tilsette og frivillige, for å bidra til å skape desse gode opplevingane.

Ulstein kommune er vertskap for årets kurs:

  • Dato:   8. mai 2017
  • Tid:      kl. 17.15 - 21.15
  • Stad:   Rådhuset, kommunestyresalen, Ulstein kommune
  • Pris:    kr. 100,- (matservering)

 

Program

17:15

 Velkommen

 Ulstein kommune

17:20

 Kva er Ansvarleg vertskap?

 Rune Akerø Svenslid - KoRus

18:00

Alkohol i kroppen, andre rusmiddel

 Rune Akerø Svenslid - KoRus

18:45

 Pause m/matservering

 

19:00

Kommunikasjon og  konflikthandtering

 Politiet

19:30

Tryggleik for gjestane

 Ambulansepersonell

19:45

Skjenkekontroll – Openbart påverka

 Securitas

20:30

Sikkerheit for gjestar

 Brannvesen

21:00

Oppsummering/evaluering

 

 

Bindande påmelding innan 4. mai 2017:

Skjema for påmelding

eller på e-post til: hanne.morseth@vanylven.kommune.no

 
 
 
 
Ansvarleg vertskap - Klikk for stort bilete

 

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 20.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering