Anleggsarbeid i Petterbakken frå 22. mai

Fortau og fjernvarme Petterbakken.jpg - Klikk for stort bilete

 

Les kva dette har å seie for deg som ferdast i området. 

Frå 22. mai og til skulestart i august vert det anleggsarbeid i Petterbakken mellom Ulstein Arena og Ulstein ungdomsskule. Her skal det lagast til fortau og leggast ned fjernvarmerør. 

 

Du som ferdast i området må merke deg dette: 

  • I anleggsperioden kan du ikkje parkeres langs vegen i Petterbakken. Bruk i staden parkeringsplassen ved sida av Ulstein Arena.
  • Parkeringsplassen i Petterbakken (nedanfor ungdomsskulen) kan ikkje brukast til parkering, den blir brukt som riggplass.
  • Elevar og tilsette ved skulane vert oppfordra om å nytte gangvegen langs Skulevegen.
  • Det vert sett opp anleggsgjerde. 
  • Sprenging blir varsla og vil ikkje skje i friminutt.

 

I prosjektet legg vi stor vekt på å ta omsyn til dei mjuke trafikantane. Derfor vert det meste av anleggsarbeidet lagt til skuleferien. 

 

Det vert lagt ned fjernvarmerør frå Ulstein Arena til ungdomsskulen. Det vert også lagt ned rør slik at barneskulen i framtida kan bruke fjernvarme. 
 
  

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 15.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering