3. klassingar i kommunen skal dekorere ny kostemaskin!

Ny kostemaskin - Klikk for stort bilete

Det vert gilt å få barneteikningar som profilering på den nye kostemaskina!

Ulstein kommune skal kjøpe ny kostemaskin våren 2018. I det høve vart alle barneskulane utfordra til eit samarbeidsprosjekt der ein tenkjer at 3. klassingane, i samarbeid to og to skular, står føre dekor på kvar si side av den nye "doningen".

Responsen frå skulane har vore superpositiv, og dette vert eit spanande prosjekt som heilt sikkert vil gje eit flott resultat! Ei kostemaskin er svært synleg der den snirklar seg fram, mellom anna i sentrum der det ferdast mykje folk. Og med tanke på dei 120 tonna med sand som er strødd rundt om i kommunen dei siste vekene, så får kostemaskina nok å styre med når det vårast og sanden skal kostast opp att..

Vi kjem sjølvsagt tilbake med oppdateringar seinare.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 25.01.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Odd Kåre Wiik Odd Kåre Wiik Avdelingsleiar drift og anlegg
916 16 381
@ Odd Kåre Wiik
Login for redigering