20 tusen til Bell ungdomsklubb

Bell og Saniteten 2017_1.jpg - Klikk for stort bilete Annika Brandal

Kva skal pengane brukast til? - Vi ønsker at ungdommane sjølve skal få vere med å bestemme, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin. 

Ulsteinvik Sanitetsforeining ga 20 tusen kroner frå årets fastelavnsaksjon til Bell Ungdomsklubb.
Heidi Ulstein frå Ulsteinvik Sanitetsforeining vart godt mottatt då ho gjesta ungdomsarrangementet «Glow-Party på Sjøborg».
- Ungdomsklubben er ein viktig uformell møteplass der det blir gjort eit godt arbeid. Eg skulle gjerne ført på fleire nullar bak 20-talet, sa Heidi då ho offisielt overrakk midlane til Bell Ungdomsklubb ved ungdomsarbeidar Marie Flatin.

- Kom med forslag!
Om lag sytti ungdommar gjesta Sjøborg kulturhus då ungdomsklubben var med og feire at Sjøborg fylte ti år sist helg. Dei jubla over den generøse pengegåva som Ulsteinvik Sanitetsforeining ga til Bell. Ungdomsarbeidaren oppmodar ungdom i målgruppa 13-18 år om å komme med ønsker om kva pengane skal brukast til.
- Er det ønske om å kjøpe inn utstyr, arrangere aktivitetar eller noko anna? Mulegheitene er mange så her er det berre å komme med forslag. Ta kontakt med meg, utfordrar ungdomsarbeidaren.

Godt besøk
Bell Ungdomsklubb opna i Skollebakken aktivitetshus i mars 2011. Tilbodet er for ungdom i alderen 13-18 år og har ope tysdag- og fredagskveldar gjennom skuleåret.
- Vi har sidan vi starta opp her hatt eit jamt godt besøk med om lag seksti ungdommar innom per kveld i gjennomsnitt. På Bell kjem ulike ungdommar. Nokre kjem innom no og då medan andre kjem kvar veke, fortel Marie.
Mellom dei besøkande er det i hovudsak ungdomsskuleelevar. Dei fleste er frå Ulstein, men det er også ein del ungdom frå Hareid og nokre frå andre nabokommunar som til dømes Herøy.
Kva som skal skje av aktivitetar og arrangement på ungdomsklubben er mykje opp til ungdommane sjølve å bestemme. 
- Ungdom møter mange krav og forventningar både frå seg sjølve og dei kring seg. På Bell er det sjølvsagt muleg å vise seg fram gjennom til dømes opa scene, ulike turneringar og andre aktivitetar. Men, først og fremst er ungdomsklubben ein stad der ungdom berre kan komme for å vere saman med venner og bli kjent med nye folk, held ungdomsarbeidaren fram.

Ønsker fleire hjelparar
Bell Ungdomsklubb opnar igjen ved skulestart og då er det behov for fleire vaksne. Klubbkveldar er det to vaksne på jobb i tillegg til frivillige ungdommar i crewet.
- Vi treng iallfall ein vaksen til som kan jobbe om lag to-tre kveldar per månad. Interesserte over 20 år kan ta kontakt med meg for meir informasjon, seier ungdomsarbeidaren.
Det er også behov for fleire frivillige ungdommar i crewet. Dette er altså ikkje betalt, men nokre gode får dei som er med å bidra. I tillegg er det kjekt å ha frivillig arbeid på cv`en sin til ein senare skal søke seg betalt jobb.
-Dei som er med i crewet hjelper mellom anna til i kiosken, i lydbua og med aktivitetar. Den viktigaste jobben er å vere med og skape eit godt miljø, avsluttar ungdomsarbeidaren som nytter høve til å ønske alle ein god sommar.


 

Bell og Saniteten 2017_2.jpg - Klikk for stort bilete Nokre av ungdommane som var med på arrangementet «Glow-Party på Sjøborg» der Bell Ungdomsklubb fekk tildelt gåvemidlar frå Ulsteinvik Sanitetesforeining. Ungdom kan komme med forslag på kva pengane skal brukast til. (Foto: Marie Flatin)

 

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 28.06.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Marie Flatin Marie Flatin Ungdomsarbeidar og MOT-koordinator
913 63 818
@ Marie Flatin
Teneste (1)
Login for redigering