Val 2017

Valurne - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Sjå resultata frå stortingsvalet 2017 i Ulstein.

Publiserte valresultat 

Valresultat frå Ulstein finn du her.

 

Røysting på valdagen 11. september

Valkortet du får i posten, viser kva røystelokale du høyrer til. Dette er dei sju røystelokala i Ulstein kommune:

  • Flø krins: Vonheim kl. 14–19
  • Ulstein krins: Ulstein bedehus kl. 14–19
  • Ulsteinvik krins: Ulstein rådhus kl. 9–20
  • Haddal krins: Haddal grendahus kl. 14–19
  • Hasund krins: Sundgot bedehus kl. 14–19
  • Dimna krins: Dimna grendahus kl. 14–19
  • Eiksund krins: Eiksund samlingshus kl. 14–19

 

Kven har røysterett?

Ved stortingsvalet i 2017 har du røysterett viss du er norsk statsborgar og

  • fyller 18 år innan utgangen av 2017,
  • er folkeregisterført som busett i Noreg eller har vore det tidlegare,
  • ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53.

Du må stå i manntalet for Ulstein kommune for å kunne røyste her på valdagen. Manntalet ligg til gjennomsyn på rådhuset, slik at du kan sjekke om du står i manntalet.

 

Kven stiller til val?

Det skal veljast ni representantar frå Møre og Romsdal til Stortinget. I Møre og Romsdal er det 16 parti som stiller med liste ved stortingsvalet.

 

Saknar du valkortet ditt?

Alle med røysterett får tilsendt valkort frå Valdirektoratet. Men ikkje alle valkorta når fram i posten. Ta kontakt med Ulstein kommune viss du saknar valkortet ditt. Send e-post til postmottak@ulstein.kommune.no. Merk at du ikkje treng valkortet for å røyste, men du må ha røysterett.

 

Her kan du førehandsrøyste i Ulstein

  • Ulstein rådhus – 10. august til 8. september kl. 8–16 måndag–fredag. Torsdag 7. september er det ope til kl. 18.
  • Ulstein sjukeheim – 4. september kl. 10–12
  • Ulshaug eldresenter – 4. september kl. 13–15

 

Ambulerande førehandsrøysting

Er du sjuk eller ufør og ikkje kan møte fram under førehandsrøystinga, kan du røyste der du oppheld deg. Fristen for å søke om dette er 6. september. Du søker ved å ringe sentralbordet i kommunen på tlf. 70 01 75 00 eller sende e-post til postmottak@ulstein.kommune.no.

 

Meir informasjon

www.valg.no finn du meir informasjon om valordninga.

 

Parti som ønsker papireksemplar av manntalet, må sende e-post til Ulstein valstyre innan 4.8.2017, bruk postmottak@ulstein.kommune.no.
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 12.09.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering