Høyring: Forbod mot våpenkopiar og legaliseringssymbol m.m.

våpenkopi.jpg - Klikk for stort bilete Foto (c) Allan Leonard / flickr

 

 

Ulstein Arbeidarparti fremja i kommunestyret i juni 2016 eit framlegg om å forby m.a. omsetjing av og reklame for våpenkopiar, og effektar med tydelege legaliseringssymbol på kommunal grunn.

På grunnlag av dette er det utarbeidd eit utkast til endringar i Ulstein kommune sitt regelverk for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik.

Ulstein formannskap vedtok 15.5.2017 at utkastet til endring i reglement av 23.04.2015 for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik vert lagt ut på offentleg høyring i tre veker. Deretter skal kommunestyret handsame saka.

Utkastet er med dette lagt ut til offentleg ettersyn ved servicetorget på Ulstein rådhus og på nettstaden til kommunen i perioden 18.5.–6.6.2017.

Eventuelle innspel til utkastet kan sendast til postmottak@ulstein.kommune.no eller til Ulstein kommune,  Postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Merk innspelet "Sals- og marknadsføringsforbod av våpenkopiar m.m.".

Merknadsfristen er 6.6.2017.

 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 07.06.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering