Ulstein kommune vil søke om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen - Høyring

Flø - Klikk for stort bilete Per Eide

Søknaden gjeld området frå nord for Gåsneset, Roppen, Indreflø, Midtflø og Ytreflø. Eitt av krava i søknaden er at planen for utbygging skal vere til høyring i ein månad. - Frist for innspel: 25.04.2017

 

Regjeringa har gitt "Nasjonal kommunikasjonsmyndighet" (NKOM) i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søke NKOM om støtte.
Føremålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet. Det kan også verte gitt tilskot for å auke kapasiteten for breiband i område der det ikkje kan ventast å kome nye kommersielle tilbod dei næraste åra.


Det er seks evalueringskriterium for tildeling av breibandstønad:
1. Talet på husstandar som får eit breibandstilbod med grunnleggande god kvalitet (30% vekting)
2. Kostnadseffektiv nettutbygging (25 %)
3. Lokal medfinansiering (20 %)
4. Plan for berekraftig drift etter at utbygging er gjennomført (15 %)
5. Betring av eksisterande breibandstilbod (5%)
6. Kva dette har å seie for lokal samfunnsutvikling (5%)


Ein føresetnad for å søke om statleg tilskot frå denne ordninga er at kommunen må kunngjere dei geografiske områda i kommunen ordninga skal gjelde for. Ein annan føresetnad er at det skal verte gitt muligheit for alle interesserte partar å gi innspel til kommunen som kan vere vesentleg for søknaden.


Ulstein kommune arbeider for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut fiberbasert aksessnett til store deler av kommunen, men ein del har framleis eit aksessnett basert på ADSL med låg kapasitet og kvalitet.


Dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Utbyggingsbehovet for høghastigheits-breiband i kommunen er stort.

For å betre situasjonen, vil Ulstein kommune søke om finansiering til å bygge ut høghastigheits- breiband til innbyggjarane i dei område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod:
1. Strekninga frå Gåsneset til Ytreflø

I samband med søknaden vil kommunen invitere alle innbyggjarar til å koma med innspel i samband med utbyggingsplanane til kommunen.

  • Frist for innspel: innan 25. april 2017.
     

Innspel kan sendast inn elektronisk her eller på e-post til postmottak@Ulstein.kommune.no og merkast "Høyringsuttale breibandsutbygging".  Kunngjering skjer berre på Ulstein kommune si heimeside.     

Kontaktperson for breibandutbygginga er IT-leiar Tor Halvar Botnen.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 31.07.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Tor Halvar Botnen Tor Halvar Botnen IT-leiar
900 52 817
@ Tor Halvar Botnen
Login for redigering