Kom med synspunkt på nye turvegar til fjells

CityPlanner turveg - Klikk for stort bilete

 

Kva meiner du om å lage turvegar til Hasundhornet og Osberget? 

 

Arealdelen i kommuneplanen for Ulstein er no ute på høyring for andre gong. 

I planen er det foreslått å lage turvegar til Osberget og Hasundhornet. 

I dette tredimensjonale kartet kan du studere dei foreslåtte vegane og kome med dine synspunkt

Merk at kartet fungerer best på nettbrett og pc. 

Synspunkta du legg inn, blir synlege for andre og lagde fram for dei folkevalde som skal vedta kommuneplanen. 

Du er naturlegvis også velkomen til å gi høyringsuttale til kommuneplanen på andre måtar, f.eks. med e-post eller brev til kommunen. 

Høyringsfristen er 18. mai 2018. 

Karttenesta CityPlanner vert innført i Ulstein i samband med at kommunen satsar spesielt på nyskaping og innbyggardialog. 

Gjennom prosjektet «Styrka innbyggardialog og lokaldemokrati» ønsker vi å legge til rette for at innbyggarane kan ta meir del i lokaldemokratiet mellom kommunestyrevala. 
 
 
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 30.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering