Kommunereforma

Panorama - fjell i Ulstein - vinterbilde - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Ulstein kommunestyre ønsker at Ulstein og Hareid skal danne Hareidlandet kommune. I innbyggarhøyringa sa sju av ti i Ulstein ja til dette alternativet.

Tilråding frå Fylkesmannen

3. oktober 2016 kom Fylkesmannen med sitt framlegg til ny kommunestruktur i Møre og Romsdal. Fylkesmannen tilrår at Ulstein og Hareid slår seg saman på kort sikt, og at Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven slår seg saman på lengre sikt. Les meir om tilrådinga frå Fylkesmannen. Saka går vidare til regjering og storting.

Endeleg vedtak i Ulstein kommunestyre

1. september 2016 gjekk kommunestyret inn for at Ulstein skal verte del av Hareidlandet kommune. Les heile vedtaket, som vart gjort med 23 mot 2 røyster (PDF, 6 kB).

Hareidlandet kommune – forhandling og høyring

7. juli 2016 signerte ordførarane i Ulstein og Hareid intensjonsavtalen om å danne Hareidlandet kommune saman. Forhandlingsutvala frå dei to kommunane hadde forhandla fram avtalen. Les avtalen i informasjonsbrosjyren til innbyggarane. Ulstein gjennomførte i august ei opinionsundersøking på grunnlag av intensjonsavtalen. Eit representativt utval på 500 personar i kommunen vart intervjua på telefon. Sjå resultata frå undersøkinga.

Runde kommune – forhandling og høyring

I byrjinga av 2016 forhandla Ulstein med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven om å danne Runde kommune. Forhandlingane førde fram til ein intensjonsavtale (PDF, 2 MB). Innbyggarane vart høyrde gjennom folkemøte på Sjøborg kulturhus og i krinsane, ungdomskonferanse, opinionsundersøking, rådgivande folkerøysting m.m.

Ulstein har tidlegare vore med på å greie ut eit alternativ som inkluderer Ålesund, men har ikkje tatt del i forhandlingane om dette.

Forhandlingsutvalet

Desse har site i utvalet frå Ulstein som forhandla med andre kommunar: ordførar Knut Erik Engh (Frp), varaordførar Steinar Torvik (KrF), gruppeleiar Renathe Rossi-Kaldhol (Ap), rådmann Einar Vik Arset.

Prosjektgruppa

I prosjektgruppa for kommunereforma i Ulstein har ordføraren, varaordføraren, rådmannen, assisterande rådmann, leiaren i ungdomsrådet, representantar for Delta, Fagforbundet og Utdanningsforbundet og kontaktpersonen for reforma site.

Bakgrunnen for reforma

Stortinget har slutta seg til at det skal gjennomførast ei kommunereform. Reforma har fire mål:

  • Gode og likeverdige tenester til innbyggarane
  • Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
  • Bærekraftige og økonomisk robuste kommunar
  • Styrka lokaldemokrati og fleire oppgåver til større kommunar

Les meir om bakgrunnen under Om reforma til høgre.
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 05.10.2016
Fann du det du leita etter?
Login for redigering