Vil ikkje legge ned skular - i denne omgang

Kommunedirektør Verner Larsen. Janne-Marit Myklebust Administrasjonen i Ulstein kommune har klar ei tilråding i skulestruktursaka. 

Saka om berekraftig skulestruktur skal opp i ungdomsrådet 2. mai, fellesrådet 3. mai, levekårsutvalet 4. mai og teknisk utval 5. mai. Vidare skal saka til handsaming i formannskapet 10. mai og til slutt i kommunestyret 19. mai.

Saksutgreiing: Berekraftig skulestruktur i Ulstein (PDF, 8 MB)

Kommunedirektøren si tilråding:

Høg kvalitet i skulen er ei god investering for Ulsteinsamfunnet, og Ulstein kommunestyre ønskjer å vidareføre fagleg og sosial kvalitet på dagens nivå i Ulsteinskulen. Ulstein kommunestyre vedtek at skulestrukturen i Ulstein ikkje vert endra slik situasjonen er no. Det skal likevel arbeidast for å sikre økonomisk handlingsrom, og følgjande prinsipp skal følgjast:

  • Ressurs som vert tildelt skuleområdet skal, om mogleg, vere i tråd med tildelingsnøkkel i rammetilskotet og med demografisk utvikling.
  • Ressurs til den enkelte skule skal tildelast etter norm for lærartettleik så langt det er mogleg. Eit forsvarleg opplæringstilbod må likevel til ei kvar tid sikrast.
  • Arbeid med organisasjonsutvikling og kompetanseheving ved skulane skal intensiverast, med mål om å oppnå god universell opplæring der behov for spesialundervisning vert redusert.
  • Dersom elevtalet ved ein skule vert så lågt at det etter lærarnorma vert tre eller færre lærarstillingar ved skulen, skal administrasjonen kome med framlegg om strukturendring.
  • Brukarbetaling og ressursbruk ved SFO vert vurdert årleg i samanheng med sak om budsjett/økonomiplan.

---------------

Det har tidlegare vore halde folkemøte om skulerapporten som vart laga av KS konsulent. Opptak frå folkemøtet finn du HER.

Lenke til rapportane frå KS konsulent:

Rapport om berekraftig skulestruktur (PDF, 19 MB) 
Økonomisk analyse - berekraftig skulestruktur  (PDF, 13 MB)

Innspel som er sendt til kommunen i høyringsperioden

 

Andre dokument

Saksutgreiing: Berekraftig skulestruktur i Ulstein (PDF, 8 MB)