Vi ønskjer årets russ ei flott feiring!

Klikk for stort bilete WIKIMEDIA/COLOR LINE  - Vi ønskjer Ulstein-russen ei god og trygg russetid, sjølv om koronapandemien nok ein gong legg ein dempar på feiringa. Vi veit at pandemien har vore utfordrande for ungdomen vår, men vi oppmodar russen om å framleis følgje viktige smittevernråd dei komande vekene. 

Slik helsar ordførar Knut Erik Engh årets avgangselevar i Ulstein. 

- Dei har vore flinke så langt, og vi veit at også russen er opptekne av å unngå smitte, slik at dei kan få feire fullført vidaregåande skule utan å måtte hamne i karantene eller isolasjon. Det er viktig for dei, og det er viktig for lokalsamfunnet vårt.

Vi oppmodar difor om at feiringa følgjer gjeldande nasjonale reglar og råd. Dette inneber mellom anna: 

  • Hald dykk i mindre grupper, til dømes de som har bil saman
  • Arrangement som russedåp/konsertar/russetreff bør berre samle deltakarar frå same nærmiljø
  • Prøv så langt som råd er å unngå kontakt med russ/ungdom på tvers av kommunegrenser

FHI oppmodar også russen til å laste ned Smittestopp-appen for å bidra til rask og god smittesporing.