Velkomen til psykologtimen 26. februar om rus

Klikk for stort bileteKvifor rusar ungdom seg, og kva skjer når dei gjer det? Det kan du lære meir om i denne månadens psykologtime på Ulstein bibliotek.

  
Denne kvelden får kommunepsykologen besøk av politiet. Saman skal dei snakke om

  • ungdom og rus

  • teikn/symptom på rus

  • kva rus gjer med oss

  • kvar du kan ta kontakt for å få hjelp til deg sjølv eller andre 

 

Psykologtimen er for alle

Psykologtimen er ein serie opne arrangement for alle som er interesserte i si eiga og andre si helse. Ein gong i månaden inviterer kommunepsykologen i Ulstein til foredrag og samtalar om psykisk helse og hjernehelse.

 

Tid og stad

  • Onsdag 26. februar kl. 19
  • Ulstein bibliotek på Ulstein Arena