Ta del i budsjettprosessen

Ta del i budsjettprosessen

Svein Arne Orvik Kva meiner du om inntektene og utgiftene til kommunen? Følg budsjettprosessen og sei meininga di til dei folkevalde. 

Bruk adressa postmottak@ulstein.kommune.no og send dine innspel innan 16. desember 2020.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

  

Steg 1: Framlegg frå kommunedirektøren

3. november presenterte kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for 2021 og økonomiplan for åra 2021-2024. Videoen kan sjåast her..

Her er budsjettdokumenta: 

 

Steg 2: Budsjettbehandling i folkevalde organ

Her ser du når dei folkevalde organa behandlar budsjettframlegget. Klikk på namna for å få fram kontaktinformasjonen til dei folkevalde. 


 

Steg 3: Høyring før vedtak i kommunestyremøtet

Formannskapet har kome med si tilråding om kva kommunestyret bør vedta i saka om budsjett og økonomiplan.  Tilrådinga ligg ute til offentleg høyring før budsjettet vert endeleg vedteke av kommunestyret.

Du kan sende ein høyringsuttale til og med 16. desember 2020.

Bruk adressa postmottak@ulstein.kommune.no eller postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Merk epost med "Innspel til økonomiplan"
Uttalen må vere motteken av kommunen seinast 16.12.2020 kl 15.00. 

Det endelege budsjettvedtaket i kommunestyret skjer 17. desember.
Du kan følge kommunestyremøtet via Facebook eller møte opp fysisk i aulaen på SUFH (nokre publikumsplassar).

Alternative budsjettfremlegg frå politiske parti: